Oslo bors
OPP: Hovudindeksen på Oslo Børs er opp 0,42 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Ny årsbeste for Endúr

Aksjekursen for Artec Aqua-eigar Endúr er opp nesten 50 prosent hittil i år.

01.07.2024

Industri- og ingeniørselskapet Endúr var verdsett til 38 kroner aksjen då 2023 ebba ut. I dag steig kursen 1,8 prosent, til 56,50 kroner. Det er rekord for året, opp 48,68 prosent sidan nyttår og ein kurs som verdset selskapet til 2,1 milliardar kroner.

Ei av forklaringane på den stigande aksjekursen kan vere at datterselskapet Artec Aqua omsider kunne glede seg over at det blir byggestart for byggesteg to for Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Indre Harøy på Romsdalskysten.

Artec Aqua i Ålesund er spesialist på å teikne og prosjektere landbaserte oppdrettsanlegg , og var tidlegare det viktigaste selskapet i Endúr-konsernet. Men ordreinngangen tørka inne etter at regjeringa varsla at den ville legge ein ekstraskatt på oppdrettsnæringa - grunnrenteskatt, og 2023 vart eit magert år for Artec Aqua.

No ser det imidlertid ut til å løsne, og når det er vekst også i andre deler av konsernet har det løfta aksjekursen jamt og trutt i år.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 6,09 5,00 %
Golden Energy Offshore Services 29,50 3,51 %
Norva 24 Group* 29,75 2,94 %
Hexagon Purus 8,04 1,39 %
Endúr 56,50 1,80 %
Salmon Evolution 7,68 -0,26 %
Havila Kystruten 0,97 0,00 %
Romsdal Sparebank 110,40 -0,09 %
Sparebanken Møre 84,10 -0,47 %
Hexagon Composites 29,95 0,00 %
Hav Group 10,85 -0,46 %
Hofseth Biocare 2,02 -0,98 %
Arctic Bioscience 10,20 -2,86 %
Atlantic Sapphire 8,80 -4,35 %
* Kurs i SEK

Publisert: 01.07.2024 16:59

Sist oppdatert: 01.07.2024 17:15