(NPK – Bent Tandstad): Fem ishavsskuter vart sporlaust borte i ein forferdeleg orkan i Vestisen påska 1952. Ingen av fartøya sende ut naudsignal, og det vart ikkje funne spor av vrakrestar eller mennene om bord.
Men i fjor haust fekk ein islandsk fiskebåt noko mystisk i trålen.
Vi er på Ishavsmuseet Aarvak på Brandal i Hareid kommune i Møre og Romsdal. Her har eldsjeler opp gjennom åra bygd opp eit imponerande dokumentasjonssenter om norsk selfangst. Brandal var sjølve senteret for den vestlandske delen av selfangsten.
Det var fiskarar frå Troms og Finnmark som var først ute med selfangst i nordområda, men Vestlandet, og spesielt sunnmøringane, kom raskt med i den lukrative jakta i dei ugjestmilde farvatna i isaudet. Og med stadig større båtar kom dei seg stadig lenger inn gjennom isen.
Dagleg leiar Webjørn Landmark viser oss rundt på det svært innhaldsrike museet. Det oppsiktsvekkjande funnet av treverk som den islandske trålaren gjorde nordvest av Island, har fått plass i samlinga.

Vaken kaptein
– Kapteinen om bord på den islandske trålaren var såpass vaken at han forstod at dette måtte vere noko spesielt. For blant vrakdelane kom det også opp ei mengd selskinn. Han tok straks kontakt med oss og spurde om vi var interesserte i å forske vidare på funnet. Det var vi sjølvsagt, og dei islandske kulturstyresmaktene donerte alt til Ishavsmuseet. Vi fekk det i januar i år, og vi starta kjapt med å prøve å finne ut kvar funnet stamma frå, seier Landmark.
Mange ekspertar har undersøkt vrakrestane. Både fartøyvernsenteret i Hardanger og dendronolog Andreas Kirchefer har vore inne i biletet. I mai i år kunne dei identifisere kvar vrakdelane kom frå.
Det var det første sporet etter denne forferdelege tragedien
– Vi fann stokken i hjørnet, lukekarmen og dekksbjelken. Det gjorde at vi visste breiddemålet på fartøyet. Vi sende funna til analyse, og det vart konstatert materiale frå rundt 1890, men også frå 1951. Slikt vart det slått fast at vrakrestane stamma frå «Brattind» frå Troms, som var ei av ishavsskutene som forsvann i 1952. Ho var bygd i 1895 og sidan ombygd i 1951. Det var det første sporet etter denne forferdelege tragedien, seier museumsleiaren.
Om bord i «Brattind» var det 14 menn som aldri kom heim. Om bord i dei fire andre ishavsskutene var det til saman 64, som også miste livet i den iskalde Vestisen. To av skutene var frå Sunnmøre, «Buskø» frå Vartdal og «Pels» frå Tjørvåg. Dei tre fartøya frå Troms var «Brattind», «Ringsel» og «Vårglimt».

Storm vart til orkan
– Det var meldt storm i området, men det bygde seg opp ein kraftig orkan. Dei var nok førebudde på tøft vêr, men ikkje på det som kom. Ei av skutene som også fekk problem,«Arild», greidde å kome seg unna. Ein mann om bord bles derimot på sjøen, og dermed var det 79 mann totalt som omkom.
– Dei greidde etter mykje strabasar å kome seg til hamn på Island, og vi veit at dei var i same området som der vrakrestane vart funne. Det kan tyde på at også «Brattind» kom seg eit stykke inn mot Island, før dei gjekk ned, legg Webjørn Landmark til.
Det vart søkt etter dei sakna ishavsskutene med både skip og fly, men alt var fånyttes. Dei fem skutene og mannskapet var sporlaust borte. Ikkje så mykje som ei treflis vart funne som kunne stamme frå havaristane.
79 menn vart altså borte i uveret i Nord-Atlanteren desse vårdøgna i 1952. Veldig mange familiar mista ein av sine kjære i tragedien. 46 kvinner vart enkjer, 98 born vart farlause og fleire familiar miste ein son. På listene over dei omkomne finn vi fleire gutar i 16-17-årsalderen.
Alle visste at det å vere med på selfangst ikkje var ufarleg, og at det var hardt arbeid under svært tøffe forhold. Ein vanleg tur anten til Vestisen eller Austisen kunne vare i tre månader. Normalt kunne ein selfangar rekne med å tene ei årslønn på ein slik tur. Av og til meir, men også mindre.
Det er historier om at folk kom attende frå selfangst utan å ha tent eit øre, der dei faktisk var skuldig reiarlaget pengar for maten dei fekk om bord. Det var langt frå dei ordningane vi har i arbeidslivet i dag.

Eit hardt liv
Ein rundtur på Ishavsmuseet i Brandal gir oss innblikk i det harde livet om bord i selfangstskutene. Det er samla inn svært mange gjenstandar, ei stor mengd fotografi og også videomateriale. NRK var med på eit tokt i Ishavet, og av det vart det tre fjernsynsprogram. Så det finst mykje dokumentasjon av livet i polarisen.
– Livet om bord var tøft, og det var mange ulykker. Det var skuter som vart skrudde ned i isen, men som oftast var det andre fartøy i nærleiken som kunne ta opp mannskapet når dei måtte gå frå borde. Men det har vore fleire katastrofar, som den i 1952. I 1917 omkom 86 mann frå sju skuter, fortel Landmark.
Han nemner også ei ulukke nær Nord-Atlanteren på oversigling til Newfoundland i 1939. Tre skuter gjekk ned, og ei anna skute gjennomførte ein nesten utruleg redningsoperasjon.
– Bølgjene var 25 meter høge. Eg trur ikkje det ha vore ein slik redningsaksjon korkje før eller seinare. Dei sette ut livbåtar, og det er vel det næraste ein kjem rein galskap. Dei som var i fangstbåtane og rodde fortel at dei av og til var på høgd med utkikstønna i toppen av masta, medan dei i neste sekund kunne sjå kjølen. Alle omkom på eine skuta, medan mannskapet dei frå dei to andre vart berga, fortel han.
I perioden 1924 til 1939 forliste 115 ishavsskuter. Som oftast vart faktisk mannskapet berga av andre båtar.
I arrest i Sovjetunionen
Mange selfangstskuter opplevde å bli arresterte av sovjetiske styresmakter fordi dei fangsta i russisk sone.
– Isen er heile tida i rørsle og bryr seg ikkje om landegrensene. Så det hende ofte at selfangstskutene dreiv med isen inn i russisk farvatn, og då kunne det rett som det var skje at dei vart tekne i arrest og førte inn til Arkhangelsk, nemner Webjørn Landmark.
Gode pengar på selspekk
Det var faktisk ikkje selskinna som var hovudgrunnen til jakta på sel, i periodar var pelsen berre eit biprodukt. Det viktigaste var spekket.
Under første verdskrigen var det stor mangel på feitt, og prisen på selspekk gjekk i taket. Selspekket vart brukt både i våpenindustrien og i målingsindustrien, og olje av selspekk vart brukt som lampeolje.
Selfangstnæringa var på topp i slutten av 1920-åra. Då drog 75 ishavsskuter ut frå Vestlandet. Over 1000 menn jobba i næringa. I ein periode rundt første verdskrigen var produkt av sel og kval den største eksportvara i Noreg.
Stor optimisme
Det var far til den noverande leiaren ved Ishavsmuseet som saman med andre eldsjeler starta museet i 1981. Henrik Landmark og andre ishavsentusiastar la ned eit omfattande arbeid for å få museet i gang.
– Eg er oppvaksen med ishavshistorie, så det var naturleg for meg å drive vidare det far min starta. Men det er mange som har vore med på den enorme dugnadsinnsatsen opp gjennom åra. Også kommunen har vore ein viktig støttespelar, og det er mange sponsorar frå næringslivet. Det siste er at vi no er komne med på budsjettet til Kulturdepartementet, seier museumsleiaren.
Han fortel at interessa rundt museet er stadig veksande, og at det er stor aktivitet i lokala heile året. Museet er ope for publikum frå mars og ut oktober, men det er ulike arrangement gjennom heile året.
(©NPK)
Publisert: 06.10.2024 18:50
Sist oppdatert: 06.10.2024 18:50