Med kjøpet av 59 prosent av aksjane i Nissan og Ford-forhandlaren Ørsta Bil tek Auto 8-8 konsernet steget inn i bilbransjen også på Søre Sunnmøre. Ørsta Bil blir no Auto 8-8 Ørsta. Det er Auto 8-8 sitt heileigde datterselskap Auto 8-8 Ålesund som er kjøpar.
Auto 8-8 kjøpte det som i dag er Ford og Nissan-forhandlaren Auto 8-8 Ålesund i 2011, og tilhøyrande tomt og anlegg i 2017.
I 2020 blei Mazda og Hyundai-forhandlaren Rico Bil i Fremmerholen kjøpt og dei to bilforretninga i Ålesund samla i eitt selskap.
Delvis sal
No sel fire av dei sju eigarane i Ørsta Bil aksjane sine til Auto 8-8-konsernet, fortel selskapet i ei pressemelding.
Prisen er ikkje oppgitt.
Mellom seljarane er Kjell Krumsvik, som i samband med salet også går av som dagleg leiar. Cato Eiksund Rogne held fram som medeigar, og tek over som dagleg leiar.
Alle tilsette blir med vidare.
4000 bilar
Med kjøpet i Ørsta har Auto 8-8-konsernet butikkar i Ørsta, Førde, Ålesund, Molde, Eide, Kristiansund, Trondheim, Stjørdal og Bodø, og ein verkstad i Florø.
Hovudkontoret ligg i Eide. Største eigar er konsernsjef Terje Sildnes.
Konsernet sel bilmerka Ford, Nissan, Hyundai, Mazda, Seres, Mitsubishi og Exlantix og eier ein stor franchise-takar for Hertz bilutleige.
Konsernet har 350 tilsette, og ligg i år an til å selge cirka 4000 bilar, og får ei inntekt nær to milliardar kroner, ifølgje ei pressemelding.
Publisert: 12.03.2026 14:48
Sist oppdatert: 12.03.2026 14:49






