OFS foto OFS
HELD FRAM: Kapitalutviding til det landbaserte lakseoppdrettselskapet OFS Norge ved Måløy starta i desember og pågår enno. Foto: OFS Norge
Nytt

Ny frist for lakseinvestorar

For fjerde gang forlengar OFS Norge fristen for å teikne seg i kapitalutvidinga.

06.02.2024

Det opphavlege målet for Måløyselskapet OFS Norge var å få inn minst 56,25 millionar kroner i ny eigenkapital før 2023 var omme.

Men responsen frå potensielle investorar har ikkje vore som selskapet håpa, og nyleg forlenga selskapet fristen for å teikne seg for fjerde gang - med høve til ytterlegare forlenging.

Pengane frå kapitalutvidinga som pågår no skal finansiere neste steg med utbygging og auka produksjonskapasitet til selskapet, som har eit landbasert lakseoppdrettanlegg ved Måløy.

Frå årsskiftet og fram til førre veke sto kapitalutvidinga praktisk talt stille, før investorar teikna seg for omlag fem millionar kroner til. Per i dag har selskapet nådd 45,7 millionar kroner.

Kapitalutvidinga blir gjort gjennom Dealflow, eit selskap som har spesialisert seg på å koble småinvestorar og selskap på kapitaljakt.

Skal hente meir seinare
OFS har planar om ytterlegare ei kapitalutviding i år, på 150 millionar kroner, og like mykje i ei kapitalutviding i 2025. Det går fram av prospektet til kapitalutvidinga.

Før kapitalutvidinga er verdien av OFS berekna til 438 millionar kroner.

Før neste kapitalutviding legg selskapet til grunn ein verdi på 668 millionar kroner og før kapitalutvidinga i 2025 ein verdi på 1258 millionar kroner.

Maksimumsmålet i kapitalutvidinga som pågår no er 65 millionar kroner. Om selskapet skulle nå det målet ville den nye kapitalen utgjere ein eigarandel på 17,34 prosent.

Publisert: 06.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 05.02.2024 18:34

Mer om