Ulmatec gangveg foto marius 11
NOR-SHIPPING: Ulmatec gjekk tysdag ut med nyheita om ei ny kontrakt for ein slik type gangveg som også er stilt ut på standen deira på Nor-Shipping-messa. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ny gangveg-kontrakt i USA

Amerikansk Ulmatec-kunde kom tilbake med ny bestilling.

Marius Rosbach
06.06.2023

Ulmatec-konsernet har satsa stort på å kome inn i marknaden for leveranse av hiv-kompenserte gangbruer til havvindmarknaden.

No har selskapet sikra sin tredje kontrakt på den nye typen gangvegar, som blei lansert tidlegare i år.

Andre kontrakt med same kunde
Det er Eco Group - Edison Chouest Offshore – som har bestilt gangvegen, og det er andre gong det amerikanske selskapet bestiller ein slik.

Dei var også den første kunden som bestilte nyvinninga frå Ulmatec.

- Vår tredje gangveg i alt, og den andre til denne kunden, viser at systema vår er godt eigna for oppgåva. Kombinert med våre andre leveransar, vil dette bli eit nytt skip med stor kapasitet, uttaler kommersiell direktør Bjørnar Huse i Ulmatec.

Skal brukast på havvindparkar
Gangvegen skal om bord på eit skip som blir kring 90 meter langt og skal vere systerskipet til «Eco Edison».

Den skal brukast til å frakte arbeidarar og utstyr til havvindturbinar.

Ulmatec-gangvegen har ei rekkevidde på meir enn 32 meter og har ein 12 meter lang teleskopfunksjon med integrert heis, pidestall og automatiserte laste og lossefunksjonar.

Det gjer at den også skal vere med å gjere operasjonane på ein trygg måte.

Ulmatec gangveg skip illustrasjon Ulmatec 11
FLEIRE BRUKSOMRÅDE: Gangvegane har vorte populære til bruk ved havvindparkar, men Ulmatec trur dei også kan vere aktuelle for bruk innan andre segment. Illustrasjon: Ulmatec

Publisert: 06.06.2023 16:13

Sist oppdatert: 06.06.2023 16:13

Mer om