Ulmatec
GANGVEG: Bjørn Gjerde og Bjørnar Huse ved Ulmatec Handling Systems viste fram ein modell av den nye gangvegløysinga under Nor-Shipping på Lillestrøm. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Satsar stort på gangvegar til offshore

Han var sentral i oppbygginga av gangvegprodusenten Uptime International. No satsar han på ny suksess saman med Hareid-selskap.

13.04.2022

- Veldig kjekt. Her kan eg vere med gjengen på å utvikle noko nytt frå botnen av, samstundes som eg tar med meg tidlegare lærdom.

Det seier Bjørnar Huse, som er nytilsett som kommersiell direktør for Ulmatec Handling Systems på Hareid.

Han bur sjølv på Vegsund, og var med på å byggje opp Ålesund-bedrifta Uptime International, som saman med Mac Gregor i Kristiansand har vore dei store norske aktørane på gangvegar til offshore-industrien.

- Eg hadde lyst til å vere med på å byggje opp noko der mest muleg av produksjonen skjer her på Sunnmøre, seier Huse.

Det skjer hos Ulmatec, som i mange år både har samarbeidd med Uptime, men også levert direkte til sluttbrukar.

- Ulmatec har levert nærare 20 infrastrukturløysingar, seier Huse som utdjupar at deleleveransane har bestått av blant anna tårn/pidetasllar, cursor, vareheiser, trappetårn, og serviceplattformer.

No tek Hareid-bedrifta spranget heilt ut og byggjer komplette gangvegar, inkludert pidestall og alt som høyrer med.

- Må fungere heile året
Huse har stor tru på løysinga som er utvikla og som er eit naturleg steg vidare for Ulmatec som dreg nytte av tidlegare erfaringar etter mange år i bransjen.

- For offshore vindskipa er ein heilt avhengig av at gangvegane fungerer 365 dagar i året. Selskapa får store bøter om det er nedetid. Dette skal vi klare å unngå, både ved utvikling av ny teknologi, og ved at vi har servicefolk rundt om i verda som raskt kan trå til.

Den bevegelseskompenserte gangvegen vert bygt i aluminium for å redusere vekta og skal byggjast på Mjølstaneset i Herøy. Gangvegen kan snuast 240 grader, og dermed svingast og brukast på begge sider av fartøyet, og under sjølve gangvegen er det ei kran til å løfte utstyr.

(saka held fram under)

Fleire saker frå Nor-Shipping:

Veg til oljeplattformer
Gangvegane vert som oftast brukte til å frakte mannskap og utstyr til havvindinstallasjonane, men Huse har også tru på ein annan stor marknad.

- Dette er også gode løysingar for å få arbeidarar på og av oljeplattformer.

- På ei rekke oljefelt i Mexicogulfen, Midt-Austen og Asia er dette løysinga i staden for å bruke helikopter. Det er trass alt ofte snakk om 100-150 personar som skal om bord eller av plattformene, og det er då best å gjere dette frå skip.

(saka held fram under)

Eg hadde lyst til å vere med på å byggje opp noko der mest muleg av produksjonen skjer her på Sunnmøre
Bjørnar Huse
Ulmatec Keven Lee Skorgenes Bjørnar Skjæran foto marius 11
STATSRÅDBESØK: Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran på besøk ved Hareid-konsernet i fjor. Han følgde interessert med på Keven Lee Skorgenes fortelje om arbeidet. I Ulmatec Components. Foto: Marius Rosbach

Lang rekkevidde
Fleire av Ulmatec-selskapa bidreg i satsinga, og brukonstruksjonen skal til dømes sveisast saman hos Ulmatec Baro i Herøy.

Utvikling, montering og testing vil skje på Hareid.

Ulmatec-gangvegen for SOV-ar har ei rekkevidde på meir enn 32 meter og vil vere av den meir kostbare varianten med alle opsjonane.

- Men vi ser også på mindre og rimelegare variantar, seier Huse som understrekar at Ulmatec er opptatt av nærheit til kundane og produktutvikling saman med dei.

Snarleg kontrakt
Har stor tru på at satsinga vert ein suksess.

- Ja, det ser bra ut hittil og vi har god kontakt med fleire kundar om konkrete prosjekt. Det skal byggast svært mange gangvegar framover og vi er klare til å ta del i denne veksten.

Huse håper Ulmatec snart kan offentlegjere sin første komplette gangvegkontrakt.

- Vi er svært nær å signere den første kontrakta, seier Huse.

Publisert: 13.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 12.04.2022 22:33

Mer om