Bjørnar skjæran iver bjørnerem ulmatec foto marius 11
VEKST: Dagleg leiar Iver Bjørnerem (nr. f.v.) i Ulmatec Handling Systems ventar vekst også i 2023. Her har han besøk av statsråd Bjørnar Skjæran. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ulmatec treng fleire folk til ny vekst

Opptur med gangbruer til vindkraft.

20.12.2022

Med 52 tilsette på lønningslista frå før, er det snakk om ein stor bemanningsauke på kort tid for Ulmatec Handling Systems på Hareid.

Selskapet er på jakt etter både ingeniørar, montørar og tilsette i administrasjonen. Til saman har dei no sju stillingar ute på Finn.no.

I april i år signerte Ulmatec Handling Systems si første kontrakt på selskapet si eigenutvikla gangbru. Den skal leverast neste år og skal inn i vindkraftbransjen.

Gjennombrot på gangbruer
Eit gjennombrot som opnar for ny vekst, seier administrerande direktør Iver Bjørnerem om gangbru-kontrakten.

Gangbru-kontrakten er ein av fleire kontraktar selskapet har inngått gjennom året, også i olje- og gassbransjen.

Ordresituasjonen var god i starten av 2022, er enda betre ved inngangen til 2023 og dagens oppdragsmengde strekkjer seg inn i 2024. Ulmatec Handling Systems hadde 156 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 11,2 millionar kroner i 2021.

Selskapet lagar LARS-ar (launch and recovery system, red merk) til offshorefartøy, passasjerbåtar, offshore vindfartøy, yacht og fiskeri, handteringsløysingar for bakdekk og i sjøen utstyr til seismikksegmentet saman med Ulmatec Baro.

Oppbemanninga blir gjort både for å ta unna oppdrag som alt er i boks, men også for å kunne handtere veksten Ulmatec Handling Systems ventar i 2023, ifølgje Bjørnerem.

Ulmatec-konsernet
Ulmatec Handling Systems er ein del av Ulmatec-konsernet, med Stig Ulstein som konsernsjef og medeigar.

Konsernet også omfattar Ulmatec Pyro, Ulmatec Components, Ulmatec Skipsservice og Ulmatec Eiendom Hareid.

Publisert: 20.12.2022 10:51

Sist oppdatert: 21.12.2022 02:57

Mer om