Bjørnar Kleiven John Gjerde 2
RESULTATHOPP: Godt fjorår for Bjørnar Kleiven i selskapet John Gjerde. Og i år ser det endå betre ut. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Ny hovedaksjonær og nye produkt

Ventil- og filterprodusenten John Gjerde med godt fjorår - og no er bergensar største aksjonær.

07.07.2022

- Vi er godt fornøgde med det økonomiske resultatet for året 2021, og ikkje minst at vi lukkast i å opprettholde omsetning i ei krevjande periode for fleire bedrifter.

- Vi er glade for at våre faste kundar har støtta opp om John Gjerde og våre produkt i denne tida.

Det seier dagleg leiar Bjørnar Kleiven i Gjerdsvik-bedrifta John Gjerde. Selskapet har ein 50-årig tradisjon og omsette i fjor for 15,8 millionar kroner. Resultatet før skatt enda på 4,2 millionar. Året før var omsetninga 15,5 millionar og resultat før skatt 0,9 millionar.

Dermed var fjoråret det beste på lang tid etter at selskapet gjekk med tap i perioden 2017-2019.

Hestness eig 66 prosent
Kleiven eig sjølv 34 prosent av selskapet, medan Rolf Christen Hestness frå Åsane ved Bergen eig 66 prosent. Dei to tidlegare eigarane Roger Gjerde og Maron Sandvik har samstundes seld seg heilt ut.

Hestness-familien har stått bak ei rekke selskap.

John Gjerde har produksjonen i Saldus i Latvia, og den delen av drifta går godt. I Gjerdsvika har ein sals-, marknads- og utviklingsavdeling, med fem tilsette.

Bjørnar Kleiven seier at 2022 har starta godt.

- Vi ligg godt føre fjoråret på salsvolum.

John Gjerde
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 15,8 15,5
Driftsresultat 2,1 0,8
Resultat før skatt 4,2 0,9

Rørreinsing
Han seier at selskapet ønsker å framstå som ein innovativ samarbeidspartnar som søker å utvikle gode løysingar for kundane våre, både på kort og lang sikt.

- Vi har difor eit par nye produkt på blokka vår som vi er overbeviste om at marknaden vil ta godt imot. Dette er også produkt som er retta mot maritim næring og meir spesifikt mot boreoperasjonar i offshorenæringa.

- Vi vil introdusere det første produktet på SMM i Hamburg i september og håpar å vekke interesse.

Produktet er ei rørreinsareining som ifølgje reklamen reingjer borerør, fjernar behovet for arbeidarar i raud sone og bidreg til ei meir kostnadseffektiv drift ved å forlenge tida med 300 prosent før det trengst vedlikehald.

Sjå video her.

Selskapet John Gjerde har ein samla eigenkapital på 13,6 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 1,0 millionar.

Publisert: 07.07.2022 09:03

Sist oppdatert: 07.07.2022 14:38

Mer om