Bjørnar Kleiven John Gjerde 2
GJERDSVIKA: Bjørnar Kleiven har god tru på framtida, og vil no satse sterkare i Asia. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Tilbake i pluss etter tre år med tap

- Som ein liten aktør i ein global marknad må ein vere meir tilgjengeleg på framtidsretta kommunikasjonsplattformer via nettet.

08.07.2021

Det seier adm. dir. Bjørnar Kleiven i Gjerdsvik-bedrifta John Gjerde as.

No skal ventil- og filterprodusenten satse på å få innpass i den asiatiske marknaden.

- Vi har gode produkt og vekstambisjonar, og då må våre produkt vere lett tilgjengelege også i den asiatiske marknaden. Det er trass alt der rundt 90 prosent av verdas skipstonnasje vert bygt.

Tok grep
Etter tre år med tap er det på nytt grøne tal, trass i at salsinntektene gjekk litt ned i fjor (sjå tabell under).

Kleiven seier at ein har kutta kostnader og tatt fleire grep for å kome igjennom ein vanskeleg periode, men bedrifta er no godt rusta for å kunne auke marknadsandelen sin, spesielt i den asiatiske marknaden.

- John Gjerde as har satsa i Asia tidlegare. Vi hadde kontor og eigen seljar i Kina, men denne satsinga gav vi opp, mest fordi vi ikkje klarte å konkurrere på pris.

- No har vi ny produktserie i kombinasjon med nye sals- og logistikkløysingar. Dette gjer at produkta våre vert meir konkurransedyktige, spesielt i den asiatiske marknaden.

John Gjerde
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 15,5 17
Driftsresultat 0,8 -0,2
Resultat før skatt 0,9 -0,5
Det er dessverre for dyrt å produsere deler og komponentar til produkta våre her heime
Bjørnar Kleiven

For dyrt i Norge
I dag har selskapet sal, marknadsføring og produktutvikling i Norge og Gjerdsvika. I tillegg har ein produksjon i Saldus i Latvia gjennom eit heileigd dotterselskap.

Kleiven seier at ein vil halde fram med å ha hovudkontoret i Gjerdsvika, men trur mykje av ein auka produksjon framover vil foregå utanfor Norge.

- Det er dessverre for dyrt å produsere deler og komponentar til produkta våre her heime.

Trur på stor auke
Han trur på ein markant auke i salet for bedrifta dei komande åra.

- Det er i alle fall ambisjonen, og hittil i år ser det bra ut.

Gjerdsvik-selskapet er 40 prosent eigd av tidlegare direktør Roger Gjerde, medan Bjørnar Kleiven og Maron Sandvik kvar eig 30 prosent.

Den samla eigenkapitalen er på 9,9 millionar kroner, og den langsiktige gjelda er 2,0 millionar kroner.

Publisert: 08.07.2021 09:03

Sist oppdatert: 09.07.2021 11:58