I 2019 hadde Strand og Kvamme sitt selskap, Olden Cruise, 18 millionar kroner i driftsinntekt. Det var rekord.
Etter to magre år under koronapandemien, skaut inntektene opp til 31 millionar kroner i 2022, vidare til 66 millionar i 2023 og til 75 millionar kroner i fjor.
Inntektsveksten er kombinert med god lønsemd, og både i fjor og året før (sjå tabell under) var resultatet før skatt over 20 millionar kroner.
| Olden Cruise As | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 74,9 | 66,5 |
| Driftsresultat | 21,5 | 20,4 |
| Resultat før skatt | 22,0 | 20,1 |
Utvida kapasitet
Strand og Kvamme eig Olden Cruise 50/50 og arbeider begge i selskapet, som er spesialistar på å ta i mot og frakte cruiseturistar til attraksjonar i indre Nordfjord, og på rundturar.
Veksten dei siste åra skuldast dels av det kjem fleire cruiseturistar til indre Nordfjord, dels at Olden Cruise har investert for å kunne ta i mot fleire turistar enn før, fortel Joar Strand, som er dagleg leiar i selskapet.
– Vi begynte med ein båt på Oldenvatnet og ein buss i 2005. Sidan har vi bygd stein på stein, og investert i fleire tur- og turistbussar, utleigebilar, ein del utleige-eigedom, næringsareal, og eit par vogntog, sa Strand til Nett No i fjor.

30 tilsette
Sesongen for Olden Cruise er frå april til september.
I høgsesongen er så mange som 30 personar i arbeid for selskapet, seier Strand.
Publisert: 28.03.2025 14:50
Sist oppdatert: 28.03.2025 15:31






