Formfin utemøbler innfelt geir ove vegsund foto formfin sykkylven kommune 11
SATSAR: Formfin Møbler-sjef og medeigar, Geir Ove Vegsund, seier selskapet satsar på eksport. Foto: Formfin Møbler.
Nytt

Formfin vil hente kapital

Skal finansiere eksportsatsing. Året endar med underskot.

19.12.2023

Etter eit krevande år vil møbelprodusenten Formfin Møbler i Hundeidvika i Sykkylven hente inn meir eigenkapital for å finansiere satsing i utlandet.

Dagleg leiar Geir Ove Vegsund seier selskapet har fått ein agent i Nederland som arbeider med å selje møblane frå Formfin inn til nederlandske møbelbutikkar og er i gang med å kartlegge korleis selskapet skal etablere seg i den tyske marknaden.

Neste steg er Nord-Amerika, i første omgang i New York-området. Både i Tyskland og USA samarbeider Formfin med Innovasjon Norge.

Råna Invest er med
Vegsund seier det er for tidleg å svare på kor stor kapitalutvidinga blir, og om selskapet eventuelt også vil gå til nye investorar.

Råna Invest, som eig 33,5 prosent av Formfin Møbler, har allereie gjennomført ei kapitalutviding på omlag ein million kroner i Råna Invest. Pengane skal brukast i den komande kapitalutvidinga i Formfin Møbler, ifølgje styreleiar og medeigar Leif Jarle Aure.

Råna Invest er også medeigar i møbelprodusenten L.K. Hjelle og er eit investeringsselskap med i alt 14 eigarar. Dei to tidlegare Ekornes-aksjonærane, Gunhild Ekornes Mertens og Berit Ekornes Unhjem, er dei to største eigarane, med kring 17 prosent kvar av aksjane.

Ligg an til tap
– Eit krevande år. Det blir tap, seier dagleg leiar Geir Ove Vegsund i Formfin Møbler om 2023.

Han er medeigar i møbelprodusenten saman med Råna Invest og selskapet Stol & Møbelfabrikken Formfin As. Stol & Møbelfabrikken Formfin er eigd av Olav Utgård, Harald Lidvar Bueide og Steinar Magne Myrseth.

Møbelbransjen fekk eit oppsving under koronapandemien, men etter første kvartal 2022 snudde det i negativ retning.

I år har arbeidsstokken vore delvis permitterete, men sidan august har Formfin Møbler produsert med full bemanning, omlag 35 personar.

Publisert: 19.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 18.12.2023 19:05

Mer om