Ny kartserie skal loefte norsk reiseliv
GEIRANGER: Den nye kartserien «Nasjonale turistvegar» skal hjelpe både vegturistar på turen og lokalt reiseliv med omsetnaden. Her er bilde frå Geiranger.
Nytt

Ny kartserie skal løfte norsk reiseliv

 Den nye kartserien «Nasjonale turistvegar» skal hjelpe både vegturistar på turen og lokalt reiseliv med omsetnaden.

07.07.2014
(NPK-NTB-Tonje Paulsen Solem): Kartserien er utarbeidd av Statens vegvesen i samarbeid med kartselskapet Nordeca.
Karta viser ikkje berre stadnamn, men også til dømes aktivitetar, moglegheiter for overnatting, utsiktspunkt og spisestader langs asfaltstripa.
– Dette er absolutt ikkje eit rent noregskart. Det er eit opplevingskart, seier sals- og marknadsansvarleg Thomas Huke i Nordeca til NTB.

Samla informasjon

Kartstrekningane omfattar alle dei Førebels ligg ni av karta ute for sal, mens karta for dei resterande ni strekningane skal vere ferdige gjennom året.
Prosjektet starta i fjor vinter etter at kartselskapet hadde fått tilbakemelding frå fleire reiselivsaktørar som sakna eit slikt tilbod.
– Det har vore svært vanskeleg for turistar å finne fram, og informasjonen vegturistar treng har vore spreidd på mange stader, seier Huke.
Kartdata er henta frå Statens kartverk, og serien blir trykt på norsk, engelsk og tysk. Om få månader skal også kartserien bli ein del av appen Norge-serien.

– Gir køyreturen innhald

Reiselivskontakt Trine Kanter Zerwekh i turistvegseksjonen i Statens vegvesen meiner karta vil vere eit kjærkomen supplement til GPS-ein.
– Mange bruker GPS, og dei fleste finn greitt fram til byar og tettstader. Vanskelegare er det å finne fram til det som gjer køyreturen meir innhaldsrik, seier ho til NTB.
Målet med kartserien har vore å samle den informasjonen norske og utanlandske turistar treng på eit stad.
– Du kjøper det kartet som er aktuelt for turen din, for eksempel Atlanterhavsvegen eller Lofoten, og får samla på eitt brett alt det turistvegen har å by på. Sjølvsagt er ikkje alle attraksjonar merkja av, men dei mest kjente og besøkte stadene er med, seier reiselivskontakten.

Positivt næringsliv

NHO Reiseliv har alt ein samarbeidsavtale med Nasjonale turistvegar.
– Kart er eit viktig verktøy på turen, og vi ser at det stadig skjer meir på dette området, seier kommunikasjonsdirektør Merete Habberstad i NHO Reiseliv.
Ho er spesielt positiv til at kartverket blir tilgjengeleg for smarttelefonar.
Dagleg leiar Arne Evensen for Ekeberg NAF Camping i Oslo gleder seg til å få dei nye karta. Dei har 90.000 overnattingar på tre månader i høysesongen og sender mang ein turist vidare ut i Noreg.
– Mange turistar har planlagt lite på førehand og ønskjer hjelp til å sjå mest mogleg gjennom dei vekene dei har til rådvelde. Dei nye karta gjer at vi kan guide turistane betre. I staden for å seie at Trollstigen er eit fint stad, kan vi gi betre service og leggje opp turen, seier Evensen til NTB. (©NPK)

Publisert: 07.07.2014 17:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34