Ny konkurs for trappeprodusent
Halvanna år etter førre oppbod, går Tennfjord-firma til skifteretten med seks millionar i ny gjeld.
Møre og Romsdal tingrett opna måndag ettermiddag konkurs i selskapet Eiktrapp Montering.
Firmaet som har adresse på Vadset Industriområde i Tennfjord, hadde 12 tilsette.
Gjeld på nær seks millionar
Ifølgje rettspapira er det nær seks millionar kroner i gjeld i selskapet som blei starta hausten 2022. Verdiane blir anslått til drygt 2,2 millionar kroner.
Bustyrar er Axel Villads Lange og første skiftesamling er planlagt 27. mai. NETT NO fekk tysdag morgon ikkje kontakt med Lange.
Firmaet omsette for drygt ni millionar kroner i 2022, som er den siste offentlege rekneskapen som er levert til Brønnøysundregistera.
Det året enda med overskot på nær eit par hundre tusen, og eigenkapitalen i selskapet var på drygt 600.000 kroner ved utløpet av 2022.
Konkurs også i 2022
Roger Eik er styreleiar og eigar av selskapet som har røter tilbake til 1980-talet. Firmaet har laga trapper i tre, stål og glas til bedrifter og private.
Dei har tidlegare investert betydeleg i bygg, maskinar og lakkeringsanlegg. Men hausten 2022 melde Eiktrapp As med 16 tilsette oppbod, med kring seks millionar i gjeld.
I etterkant kjøpte Roger Eik opp konkursbuet og fortalde til NETT NO at han ville utvide med fleire tilsette.
Les også
Har starta fleire nye selskap
Eik har fleire roller i Brønnøysundregistera, mellom anna er han styreleiar i tre selskap oppretta i november og desember i fjor.
Dei nye selskapa heiter Eiktrapp As, Hyttesalg As og Norske Trapper As. Dei skal drive høvesvis produksjon av bygningsartiklar, monteringsferdige hus og netthandel med spesialisert vareutval, er det opplyst.
NETT NO har tysdag ikkje kome i kontakt med Eik for å spørje om årsaka til den nye konkursen.
Publisert: 26.03.2024 09:38
Sist oppdatert: 26.03.2024 09:44