Startar opp igjen trappebedrift
Tidlegare eigar tek over konkursbuet og vil utvide med fleire tilsette.
No er det klart at det blir ny drift i det konkursråka selskapet Eiktrapp, etter at tidligare eigar Roger Eik har kjøpt opp buet.
– Eg ønsker å starte opp igjen fordi eg veit at det er liv laga for selskapet. Og etter 36 år som trappesnikkar, er det dette eg kan, fortel han til NETT NO.
Det betyr at 16 arbeidsplassar ved Tennfjord-bedrifta truleg er berga. I tillegg ønsker Eik å utvide med fleire tilsette for å ha meir ressursar til marknadsføring og montering.
Eg ønsker å starte opp igjen fordi eg veit at det er liv laga for selskapet
Har gjort store investeringar
Eiktrapp har laga trapper i tre, stål og glas til bedrifter og private.
Eik er andre generasjon i selskapet som no held til ved Vadset
Industripark og vore dagleg leiar sidan 1996.
I 2018 blei det investert omlag 25 millionar kroner i bygg, maskiner og lakkeringsanlegg. Då flytta selskapet frå Fiksdal til Tennfjord, og kom dermed nærare marknaden på Sunnmøre.
Som NETT NO omtalte nyleg var noko av årsaka til konkursen har å gjere med at dei har vore med i eit samarbeid der dei fekk eit veldig stort nedslagsfelt.
Det skal ha gjort det vanskeleg å få forsvarleg økonomi i drifta. I tillegg måtte dei ta tap på nokre fordringar grunna konkursar.
Ifølgje Eik vil dei ikkje lengre vere med i dette samarbeidet framover. Sunnmørsposten omtalte saka først.
Publisert: 15.09.2022 11:58
Sist oppdatert: 15.09.2022 12:29