Sunnmøre tingrett foto ogne
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fleire interesserte i konkursråka selskap

Bustyrar stadfestar diskusjonar om framtida for trappeprodusent.

Marius Rosbach
13.09.2022

Tennfjord-selskapet Eiktrapp melde førre veke oppbod til Møre og Romsdal tingrett.

Bustyrar Christian Garmann opplyser til NETT NO at det kan vere håp om ny drift i selskapet, men at ingenting er avklart enno.

– Det har meldt seg fleire interessentar og nokre har tankar om å drive vidare, fortel han tysdag.

Selskapet har opplyst at årsaka til konkursen har å gjere med at dei har vore med i eit samarbeid der dei fekk eit veldig stort nedslagsfelt
Christian Garmann

Stort nedslagsfelt skal ha skapt problem
Eiktrapp hadde ifølgje bustyraren ei omsetning på kring 26 millionar i fjor. Selskapet blei oppretta i fjor etter ein fisjon der eigedomsselskap og driftsselskap blei skilt.

Gjelda i selskapet som no er under konkursbehandling skal vere på 5,9 millionar, medan anslått verdi er på 2,65 millionar kroner, ifølgje det som er opplyst til retten.

– Selskapet har opplyst at årsaka til konkursen har å gjere med at dei har vore med i eit samarbeid der dei fekk eit veldig stort nedslagsfelt. Det skal ha gjort det vanskeleg å få ein forsvarleg økonomi i drifta, fortel Garmann.

Investerte kring 25 millionar
NETT NO har tidlegare omtala satsinga til Roger Eik på Vadset Industripark i Tennfjord. Han var andre generasjon i selskapet og vore dagleg leiar sidan 1996.

Bedrifta laga trapper i tre, stål og glas til bedrifter og private og hadde 16 tilsette då dei gjekk konkurs.

I 2018 blei det investert omlag 25 millionar kroner i bygg, maskiner og lakkeringsanlegg. Då flytta selskapet frå Fiksdal til Tennfjord, og kom dermed nærare marknaden på Sunnmøre.

Opplevde kraftig vekst
Eiktrapp-selskapet som blei avvikla mot slutten av 2021, opplevde ein kraftig vekst dei ti siste åra.

I 2010 hadde dei ei omsetning på to millionar. I 2020 hadde dei tidobla omsetninga til 21,5 millionar kroner og satt igjen med overskot før skatt på drygt 20.000 kroner.

Eigenkapitalen ved utløpet av 2020 var på 5,3 millionar og gjelda på meir enn 26 millionar kroner.

Publisert: 13.09.2022 21:51

Sist oppdatert: 13.09.2022 21:57

Mer om