Vard vindskip Purus Wind
VARD-DESIGN: Dei 87 meter lange og 19,5 meter breie skipa vil ha plass til ei besetning på 120 personar. Illustrasjon: Vard
Nytt

Ny kontrakt på vindskip til Vard

Skal bygge minst to skip for britisk selskap.

Marius Rosbach
16.05.2023

Verftkonsernet Vard har signert kontrakt på bygging av to nye serviceskip for havvind til britiske Purus Wind. Det kommer fram i ei pressemelding tysdag.

Første skipet skal leverast i andre kvartal 2025, medan skip nummer to skal leverast året etter.

Eitt skip til norsk verft - eitt til Vietnam
Det eine skroget blir bygd i Romania og utstyr ved eitt av Vard sine verft i Norge, medan det andre skipet blir bygd og levert frå verftet i Vietnam.

Begge skipa har Vard 4-19-design som er utvikla i Ålesund.

Skipa blir levert med hybrid framdriftssystem, som er klargjort for framtidig nullutslepp i framtida. Fartøya blir også klargjort for framtidig bruk av amoniakk.

Andre kontrakt på ei veke
Det er stor optimisme kring havvindmarknaden om dagen, og det er venta at det blir bestilt ein rekke skip til dette segmentet framover.

Vard har allereie sikra fleire kontraktar - seinast på to havvindskip førre veke - til eit anna britisk selskap.

Før helga vart det nyaste skipet frå Vard døypt - det nye havvindskipet til Rem Offshore,

Publisert: 16.05.2023 15:34

Sist oppdatert: 16.05.2023 15:51

Mer om