Lars Conradi Andersen Åge Remøy foto marius
SKIPSDÅP: Rem Offshore-sjef Lars Conradi Andersen og eigar Åge Remøy døypte sitt nye vindskip Rem Power. Duoen ser ikkje vekk frå at det også kan bli nybygg i offshore. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– No skulle vi gjerne hatt enno fleire skip

Gryande optimisme gjer at Rem Offshore ikkje utelet nybygg i offshore.

Marius Rosbach
12.05.2023

Fredag vart Rem Offshoe sitt nye skreddarsydde skip for havvind døypt ved Skansekaia i Ålesund.

Kaia var fylt godt opp med folk som ville få med seg skipsdåpen, skipet er levert på tid og gudmor Christin Engh knuste sjampanjeflaska på første forsøk.

Rem power dåp 3
GODT OPPMØTE: Skansekaia var fylt godt opp med folk som ville få med seg skipsdåpen av Rem Power. Foto: Marius Rosbach

Trur på meir aktivitet på Sunnmøre
Etterspurnaden etter nye spesialskip for havvindmarknaden er stor, og båten skal rett i arbeid. Først til ein vindpark i Danmark, deretter til ein vindpark i Frankrike - før ei langtidskontrakt ved ein vindpark på Doggerbanken i Nordsjøen.

– Den optimismen som no er gryande, gler vi oss over – og om ting held fram å gå den vegen vi opplever no, så vil det generere meir aktivitet på Sunnmøre for våre maritime bedrifter og gi store ringverknader, seier Rem Offshore-sjef Lars Conradi Andersen til NETT NO.

Samtidig påpeiker han at bransjen kjem frå nokre tunge år, som har vist at ting kan snu fort.

Rem power dåp 2
KNUSTE PÅ FØRSTE FORSØK: Gudmor Christin Engh knuste sjampanjeflaska på første forsøk. Foto: Marius Rosbach

Vurderer nybygg for offshore
Inkludert Rem Power har reiarlaget no ein flåte med 19 skip, som er bygd opp sidan 2017. Dei har óg eitt vindskip til under bygging hos Vard.

– No skulle vi gjerne hatt enno fleire skip, svarar reiarsjefen på spørsmålet om kor mange skip dei treng.

Dei siste åra har reiarlaget investert i ei rekke skip til historisk låge prisar. Men med auka skipsverdiar blir nybygg også meir interessant.

– No er dette eit nybygg for vind, men vi ser ikkje vekk frå at det også er aktuelt med nybygg innan offshoreservice igjen, seier Andersen.

Rem Power dåp 1
ÅLESUND: Det 85 meter lange og 19,5 meter breie spesialskipet for offshore vind er bygd ved Vard Søviknes-verftet. Foto: Marius Rosbach

Trur dei får valuta for investeringane
Fleire meklarar har peika på at det trengs ein rekke nye skip til havvind i åra som kjem. Samtidig er det igjen utsikter til at det igjen blir bygd nye skip i oljeservice.

Nokre har samanlikna optimismen med korleis situasjonen var då bransjen var på veg inn i offshorebølgja.

– No har vi hatt sju elendige år, som vi har nytta til å kjøpe ein del tonnasje. No ser det ut til at vi kan få valuta for dei investeringane, for marknaden er på veg oppover. Vi håpar at vi kan gjere nytte av det framover, seier eigar Åge Remøy.

På spørsmål om korvidt han ser likheitstrekk med situasjonen for ti år sidan, svarar Remøy slik: - No har optimismen nettopp begynt å kome, så vi får vente litt og sjå.

Rem Power operatørstol bru Foto Marius
BRUA: Frå operatørstolen kan ein styre både krana frå Seaonics og gangvegen frå Uptime International. Foto: Marius Rosbach

Har kring 600 sjøfolk
Om bord på Rem Power vil det vere eit mannskap frå reiarlaget på drygt 20 personar i to skift.

Rem Offshore har no kring 600 sjøfolk i arbeid, som er om lag på nivået før oljenedturen starta i 2014-15. Likevel er det behov for fleire – ikkje minst unge.

– Det er viktig å ha fokus på rekrutteringa til denne næringa, etter dei åra som har vore, og vi må verkeleg satse på å få norske sjøfolk om bord igjen, seier Lars Conradi Andersen.

Publisert: 12.05.2023 15:50

Sist oppdatert: 12.05.2023 22:58

Mer om