North Stars offshore wind portfolio of VARD built CSO Vs and SO Vs
ÅTTE FARTØY: Vard har fire vindkraftfartøy for selskapet North Star under bygging i Vietnam og har fått ein avtale om å bygge to nye i Noreg, med sjansen for ytterlegare ton kontraktar. Illustrasjon: Vard
Nytt

To kontraktar til Vard

Skipa skal utrustast på Vard-verft på Nordvestlandet. Kan bli to til.

09.05.2023

Det britiske selskapet North Star har bestilt to fartøy for bygging, vedlikehald- og serviceoperasjonar på vindkraftanlegg til havs.

Skroga til skipa skal byggast hos eit av Vard sine verft i Romania og utrustast hos ett av verfta i Noreg, som, betyr Vard Langsten, Vard Brattvåg eller Vard Søviknes. Begge skal leverast i første halvår 2025, skriv Vard i ei pressemelding.

Prisen på fartøya er ikkje opplyst.

North Star har også sikra seg opsjon på å få bygge to fartøy til.

Byggjer i Vietnam
Dei to nye fartøya blir 95 meter lange og 19,5 meter breie, med plass til 111 personar fordelt på 95 lugarar. Fartøya får gangbru som gjer det råd å gå fra skip til vindkraftinstallasjonen.

Det er andre gang North Star bestiller skip hos Vard. I 2021 bestilte reiarlaget fire fartøy for vedlikehald- og serviceoperasjonar på vindkraftanlegg til havs.

Dei blir bygd på Vard sitt verft i Vietnam. Det første blir levert i år, det siste i 2024.

Spådde nye kontraktar
I midten av november 2022 spådde Vard-sjef Alberto Maestrini at det ville kome ny kontraktar på nybygg til olje- og gassbransjen innan seks til 12 månadar, samstundes som marknadern for serviceskip til vindkraftindustrien vil halde fram med på vekse.

På Leverandørkonferansen i Ulsteinvik i førre veke spådde Clarkson-analytikar Vegard Vollsæther ei bølgje av nybygg hos verfta.

– Det er konkrete prosjekt som blir rekna på både ved Ulstein, Vard og Myklebust. For to år sidan såg dei kanskje berre på fiskeri og vind. No vurderer dei nybygg i fleire segment som olje og gass, akvakultur og litt forvarsmarknaden, sa Vollsæther.

Publisert: 09.05.2023 08:40

Sist oppdatert: 09.05.2023 10:46

Mer om