Morten Holum Hexagon Purus
NY AVTALE: For andre gang i år melder Hexagon Purus-sjef Morten Holum om avtalar som kan betyr milliardinntekter for Hexagon Purus.
Nytt

Ny milliardavtale for Hexagon Purus

Hexagon Purus blei dagens vinnar på børsen, etter melding om ein ny batteriavtale for fleire milliardar kroner.

11.02.2022

Hexagon Purus er profilerte som eit selskap som lagar tankar og -system for bruk av hydrogen som energiberar, men i år er det batterisatsinga til selskapet som betyr noko.

Fredag varsla selskapet har det har inngått ein intensjonsavtale med lastebilprodusenten Hino Motors Manufacturing U.S. Inc. om å levere batteripakkar for rundt ni milliardar kroner frå 2024.

Hexagon Purus har hatt eit utviklingssamarbeid med Hino Motors Manufacturing sidan 2020.

Les børsmelding her

Aksjekursen gjekk i veret
Aksjekursen
skaut i veret etter nyheita og i formiddag var selskapet dagens børsvinnar med ein oppgang på meir enn 15 prosent.

Ved børsslutt i dag, fredag 11. februar, var kursen 24,83 kroner pr. aksje, ein auke på 34,9 prosent frå børsslutt i går. Ingen andre selskap på Oslo Børs steig meir i verdi i dag.

Kursen er likevel under nivået ved børsnoteringa - og langt under toppnivået på meir enn 80 kroner aksjen for eitt år sidan. Børsverdien på selskapet er no kring 5,8 milliardar kroner.

10 milliardar
31. januar i år melde Hexagon Purus at det er i sluttforhandlingar om ein avtale på 10-milliardar kroner, med eit selskap som ikkje er namngitt.

Også den avtalen gjeld batteripakkar til lastebilar og gjorde Hexagon Purus til børsvinnar etter at meldinga kom.

Fabrikk i Canada
Batteria til begge dei moglege kundane skal byggast på Hexagon Purus sin nye fabrikk i Kelowna i Canada. Fabrikken er under bygging og skal vere klar til drift i 3. kvartal i år.

Batterisatsingen til Hexagon Purus starta tidleg i 2018, med verksemda i Hexagon Purus framleis var ein del av Hexagon Composites.

Hexagon Purus blei skilt ut frå Hexagon Composites og børsnotert i desember 2020. Hexagon Composites er dominerande aksjonær i Hexagon Composites.

Begge selskapa har hovudkontoradresse i Ålesund. Flakk-familien er nest største eigar i Hexagon Composites og Knut Flakk er styreleiar i Hexagon Composites.

Publisert: 11.02.2022 08:03

Sist oppdatert: 11.02.2022 16:42

Mer om