Lene Trude Solheim foto Næringsforeningen
MINNE: Lene Trude Solheim håper ho blir huska for arbeid med samarbeid og synleggjering i Næringsforeningen. Foto: Næringsforeningen
Nytt

Ny NHO-direktør ser fram til eit større felleskap

Ønsker sterkare samarbeid mellom NHO og næringsforeningane.

Lene Trude Solheim blir ny regiondirektør i NHO Møre og Romsdal.

– Hovudmotivasjonen er at eg har eit sterkt næringsliv-dna, og er oppteken av at rammevilkåra for næringslivet skal vere konkurransedyktige nasjonalt og internasjonalt.

Gjennom NHO kjem Solheim inn i eit felleskap med eit breiare samarbeid mellom offentleg og privat sektor og stor variasjon i medlemsmassen, seier ho.

– Eg gler meg til å bli kjent med fleire aktørar. Å få vere med på å påverke og ha ei stemme er veldig motiverande.

Går i gang i februar
I dag er ho dagleg leiar i Næringsforeningen Ålesundregionen. Ho startar i NHO 1. februar 2024.

Då blir den regionale årskonferansen arrangert, som ho vil ta del i.

– Så er neste steg å reise rundt i fylket og bli kjent med små og store medlemsbedrifter. Førsteprioriteringa då blir Nordmøre og Romsdal, sidan eg kjenner Sunnmøre godt frå før av.

Ynskjer større samarbeid
Jobben Solheim går frå og NHO har i stor grad same målet; Å sørge for gode vilkår for næringslivet.

Næringslivsforeningane opererer meir lokalt, medan NHO er regionale og nasjonale.

– Eg ønskjer er eit godt samarbeid med foreningane. Vi har ulike roller og profilar, så eg trur vi har mykje å hente ved å samarbeide.

Mykje erfaring
Solheim kom til Næringsforeningen Ålesundregionen i august 2020.

Ho kom frå jobben som organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group og tek til som sjef for Næringsforeningen 1. august.

Solheim har vore kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group sidan 2006 og arbeidd i Ulstein/Rolls Royce-selskap sidan 1997. I 2018 fekk ho utvida ansvar, til å også leie organisasjonsutviklinga i Ulstein Group, og sit i konsernleiinga.

Publisert: 07.11.2023 13:00

Sist oppdatert: 08.11.2023 10:42

Mer om