Sunnmøre tingrett foto ogne
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ny opplæringsbedrift konkurs

Skatteetaten gjekk etter nytt selskap med same eigarar.

Marius Rosbach
08.07.2022

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Maritim Kompetanse Norge.

Opplæringsbedrifta har halde kurs for båtførarprøven, slik som dotterselskapet Maritime Kompetanse Sør-Vest – som også vart slått konkurs denne veka.

Skatteetaten har eit momskrav mot selskapa som har vekse til 184.000 kroner, og som dei ikkje kan gjere opp.

Ingen frå selskapa møtte til rettsmøtet måndag.

I den siste årsberetninga fråMaritim Kompetanse Norge frå 2020, påpeiker leiinga at det er usikkerheit kring vidare drift.

Gjelda var då betydeleg høgare enn eigedelane og det var krevjande å dekke løpande kostnader. Eigenkapitalen var då tapt og gjelda var på ein million kroner.

Selskapet omsette i 2020 for 2,9 millionar og fekk eit driftsunderskot på kring 880.000 kroner. Ifølgje årsberetninga det året hadde Maritim Kompetanse Norge eitt årsverk.

Erling Flisnes er bustyrar i desse sakane og første skiftesamling er 22. august.

Publisert: 08.07.2022 09:23

Sist oppdatert: 08.07.2022 09:35

Mer om