Emineo Bygg foto Bjørn Ivar Borgund 11
18 TILSETTE: Det konkursråka firmaet Emineo Bygg har adresse i Søviknes, og vore ein del av Emineo-konsernet med tilsaman 11 selskap. Foto: Bjørn-Ivar Borgund
Nytt

Kvar tredje konkurs i bygg og anlegg

Nok eit byggfirma melder oppbod etter krav frå styresmaktene.

Marius Rosbach
20.06.2022

Selskapet Emineo Bygg melde før helga oppbod til Møre og Romsdal tingrett.

Byggfirmaet som blei starta i 2017, hadde 18 tilsette det det gjekk konkurs. Dei har halde til i Søviknes og vore del av Emineo-konsernet.

Bransjen toppar konkursstatistikken
Av 73 konkursar som tingretten har opna så langt i år, har 24 av dei vore i selskap i bygg- og anleggsbransjen.

12 av konkurssakene har skjedd i varehandelen, medan sju har skjedd i serveringsverksemder.

Som NETT NO omtalte i vår, er no talet på konkursar tilbake på nivået før pandemien. Årsaka er at skattestyresmaktene har vore tilbakehaldne med å forfølgje krav mot bedrifter som til eksempel ikkje har betalt skatt og moms.

Gjeld på 9,4 millionar

Krav frå styresmaktene var også den utløysande årsaka til konkursen i Emineo Bygg, ifølgje Sunnmørsposten.

Styreleiar Stian Volstad fortel til avisa at dei ikkje klarte å drive lønsamt under pandemien, og at dei utsette betaling av moms og skatt. Då dei framleis ikkje hadde funne ei løysing på utfordringane, såg dei ikkje anna utveg enn å melde oppbod.

Bustyrar Bjørn-Ivar Borgund opplyser at gjelda i selskapet er på kring 9,4 millionar kroner, og at mykje av dette er konserngjeld.

Systerselskap konkurs i 2020
Det konkursråka firmaet har vore del av Emineo-konsernet, som består av til saman 11 selskap.

Emineo Gruppa, som er eigd av Stian Volstad og Børt Tore Marthinussen, har eigd alle aksjane i Emineo Bygg.

Leiinga har forklart at heile konsernet blei prega av at dei tapte tre større kontraktar i 2019. I kjølvatnet av dette, blei systerselskapet Eminio slått konkurs.

Stort underskot og tapt eigenkapital
Firmaet har gått med underskot i tre av dei fire åra fram til 2021. Dei to siste åra var underskotet på samla 11,7 millionar av ei omsetning på 38 millionar kroner.

Leiinga påpeika allereie i 2020-rekneskapet at eigenkapitalen var tapt.

Konklusjonen var at det likevel var grunnlag for vidare drift. Eksterne kreditorar fekk då betalt på forfall og selskapet hadde ingen ekstern langsiktig gjeld.

Publisert: 20.06.2022 15:01

Sist oppdatert: 20.06.2022 15:04

Mer om