Harald Tom Nesvik Bente Lund Jacobsen foto Podium 11
Nytt

Ny podcast: Slik skal dei styrke havbruksnæringa

Høyr korleis den nye GATH-leiaren vil gjere Nordvestlandet attraktivt i ny Podium-episode.

06.10.2023

Bente Lund Jacobsen er ny dagleg leiar i teknologinettverket GATH (Global Aquaculture Tech Hub). Ho er gjest i den nyaste episoden av Podium og fortel korleis dei skal skape innovasjon i havbruksnæringa og gjere regionen attraktiv for kundar frå heile verda.

Styreleiar Harald Tom Nesvik i GATH er også gjest i podcast-en. Den mangeårige politikaren jobbar no med kommunikasjon i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans, og refsar regjeringa sin politikk og kallar den eit angrep på arbeidsplassar langs kysten.

Podium

E24/S2 Slik skal GATH styrke havbruksnæringa

Programleiarar er Ingvild Vartdal, daglig leiar i advokatfirmaet Adviso, og Hans-Christan Vadseth, partner og seniorrådgjevar i First House.

Produsert av Jan Ivar Wolstad for Gjenklangoslo.no.

Podium er ein podkast på NETT NO om og for næringslivet på Nordvestlandet i samarbeid med advokatfirmaet Adviso. Podkasten er eit annonseprodukt.

Publisert: 06.10.2023 11:08

Sist oppdatert: 06.10.2023 11:08

Mer om