Oksfoto 16 02 3
OPPDRETT: Visningsflåta er under bygging på Grytastranda. Foto: Marina Solutions
Nytt

Her skal elevar og turistar lære om oppdrett

Ørsta-selskapet Marina Solutions har inngått kontrakt om levering av den nye visningsflåten til Hofseth Aqua.

23.02.2022

Flåta skal slepast til oppdrettsanlegget ved Vindsneset i Valldal, opplyser Marina Solutions i ei pressemelding.

Om bord i flåten skal blant andre turistar og skuleklasser kunne lære meir om oppdrett.

Hofseth Aqua har også bestilt ein fullelektrisk båt som skal frakte folk til og frå anlegget.

- Dette blir ei flott flåte, seier prosjektdirektør Knut Eilert Røsvik, i pressemeldinga.

Lokale leverandørar
Han viser til at lokale leverandører blir brukt i alle ledd til visningsflåta, ei flåte som er under bygging på Grytastranda ved Ålesund.

Visningsflåta er 36 meter lang og 20 meter brei. Betongskroget har ei høgde på 4,72 meter.

Besøkelsessenter rev des 2021 Illustrasjon Skaler AS
VISNINGSSENTER: Slik vil det ferdige visningssenteret sjå ut. Illustrasjon: Skalèr Arkitektkontor

Storkjøken og veranda
Overbygget er arkitektteikna og vert bygt over to etasjar.

1. etasje består av rom for drift og opphald, medan 2. etasje skal innehalde kontrollrom, visningsareal med storkjøken og veranda.

Flåta vert utstyrt med åtte fôr-siloar.

Publisert: 23.02.2022 15:46

Sist oppdatert: 23.02.2022 16:05

Mer om