Fv Cecilie Langva Torstein Holsvik Eldar Øye m saks Sindre Vartdal Helge Blichfeldt Randi Kvamme Fischer Blichfeldt Mathias Fischer Blichfeldt foto Ogne
RESTAURANT-SATSING: Stamgjest og assisterande rådmann Eldar Øye opna dei nye lokala til Fugl Føniks i Ørsta i februar 2020. Nokre veker etter stengte Noreg ned på grunn av koronapandemien. Initiativtakarane til, og investorane i det nye lokalet, var Cecilie Langva (til venstre), Torstein Holsvik, Jan Endre Vartdal (gøymd bak Øye) og Sindre Vartdal. Til høgre for Vartdal står eigarar og drivarar, Helge Blichfeldt, Randi Kvamme Fischer Blichfeldt og Mathias Fischer Blichfeldt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Slutt for Fugl Føniks

Berre veker etter at Fugl Føniks i Ørsta opna døren i ny og større restaurant i 2020 kom koronapandemien.

10.05.2022

"Det er med sårt hjarte vi i dag meddelar dykk fylgjande: Følgene av to vanskelege år med pandemi og ulike andre moment har gjort det så vanskeleg for Føniks at vi ser oss nøydde til å melde oppbod", skriv Fugl Føniks-eigarane på Facebook.

Restaurantbedrifta starta som ein kaffibar i 2004. I februar opna den i nye og større lokale i Ørsta, og utvida satsinga til restaurantdrift og større bemanning.

Få veker etter opninga vart Noreg stengt ned på grunn av koronapandemine, og etterverknadane av koronatida og smitteverntiltak har ligge som ei klam hand over drifta sidan.

"Sjølv om omsetninga var til tider tilfredsstillande i forhold til kva ein kunne forvente i ei pandemitid full av hindrande restriksjonar, vart det vi sat att med av forteneste opparbeida i dei gode vekene etne opp av driftsutgifter og andre kostnadar i dei dårlege vekene, og vi hang heile tida bakpå.", skriv selskapet på Facebook.

I 2020 hadde selskapet 8,6 millionar kroner i driftsinntekt og 0,8 millionar kroner i underskot.

På toppen av det heile kom krigen i Ukraina, som skapte ny uvisse og kostnadsauke.

Det er selskapet TCV Utleiebolig som investert i ombygging av lokala som husa Fugl Føniks. TCV Utleiebolig er eigd av Vartdal Plast eigarane Jan Endre og Sindre Vartdal, Cruise Service-medeigar Torstein Holsvik og advokat Cecile Langva.

- Vi har bygd plassen på ein slik måte at vi har lyst å gå der sjølve, sa Torstein Holsvik under opninga i 2020.

Publisert: 10.05.2022 14:42

Sist oppdatert: 10.05.2022 15:41

Mer om