NPK-NTB: Inntektene for sjømateksport i mai auka med 49 prosent samanlikna med mai i fjor. I alt vart det eksportert sjømat for 12,4 milliardar kroner.
Den elleville sjømateksporten heldt fram i mai månad. Auken i eksportverdi var på 4,1 milliardar kroner samanlikna med mai 2021.
– Den sterke globale etterspurnaden etter norsk sjømat gav ein eksportverdi i mai som er tidenes nest høgaste i ein enkeltmånad, berre slått av mars i år, seier konstituert administrerande direktør i Norges sjømatråd, Børge Grønbech i ei pressemelding.
Meir enn i heile 2012
Auka prisar på sjømat, særleg laks, er årsaka til veksten. 84.800 tonn med laks vart eksportert i mai, til ein verdi av 8,6 milliardar kroner.
– Svakt eksportvolum over tid og etterspurnadsvekst har ført til ei sterk prisutvikling, og verdimessig var mai tidenes nest beste for norsk lakseeksport, seier sjømatanalytikar Paul T. Aandahl i Norges sjømatråd.
Så langt i år har Noreg eksportert sjømat for 57,8 milliardar kroner. Det er ein høgare eksportverdi enn i heile 2012.
Grønbech seier likevel at det er knytt uvisse til utviklinga for eksportprisane framover. I horisonten ligg auka utgifter, renteoppgang og reallønnsnedgang i viktige marknader.
Publisert: 03.06.2022 08:03
Sist oppdatert: 03.06.2022 08:09