I ei flaggemelding frå Hexagon Composites fortel selskapet at investeringsfondet TFG Asset Management UK LLP no eig 10,21 prosent av selskapet. Ei flaggemelding er ei melding børsnoterte selskap må sende ut ved større endringa på eigarsida, som når ein eigar passerer 10 prosent eigarskap, som i dette tilfellet.
TFG Asset Management er no neste største eigar i Hexagon Composites, etter det japanske Mitsui-konsernet med 15,82 prosent av aksjane.
Aksjekjøpet dyttar også Flakk-familien i Ålesund sitt selskap Flakk Composites ned frå andre til tredje største eigar i Hexagon Composites.
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, og er største aksjonær i Hexagon Purus, som lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar.
Har ikkje seld
Knut Flakk seier til Nett No at det ikkje er familien som har seld aksjar.
I tillegg til Flakk Composites (7,24 prosent) er familien eigar i Hexagon Composites gjennom Ktf Finans (2,38 prosent) og Flakk Gruppen (0,8 prosent). Selskapet Nødingen eig 0,34 prosent av Hexagon Composites. Maria Lilly og Erika June Flakk eig 45 prosent kvar av Nødingen - og deira far Knut Flakk eig 10 prosent.
Mitsui-sal
I februar i år selde Mitsui-konsernet 12,6 millionar aksjar i Hexagon Composites og reduserte med det eigarandelen i Hexagon Composites med omlag seks prosentpoeng, til 15,82 prosent.
Salet blei gjort til 25 kroner aksjen, som gav Mitsui 315 millionar kroner i kassa.
Så langt i dag har aksjekursen svinga mellom 17,40 og 17,02 kroner aksjen. 17,02 er den lågaste aksjekursen for selskapet hittil i år.
Publisert: 19.05.2025 11:17
Sist oppdatert: 19.05.2025 20:31






