Christian Olav Balsnes foto Converto 11
NY JOBB: Christian Olav Balsnes er i dag seniorrådgjevar i Ålesund-selskapet. Foto: Converto
Nytt

Ny topprolle for Balsnes i Converto

Tek over styringa av investeringane.

14.01.2022

Christian Olav Balsnes tar over stillinga til Christer Valderhaug i Converto og skal leie forvaltinga av investeringane i selskapet.

Det stadfestar dagleg leiar Jan Petter Hagen til NETT NO.

Torsdag blei det kjent at Christer Valderhaug som i dag har den stillinga, skal starte som administrerande direktør i Arctic Bioscience.

– Veldig mykje spennande
Balsnes fortel til NETT NO at han startar i den nye jobben i februar.

– Vinkelen for våre investeringar er hovudsakleg havromsbasert på Vestlandet – og her er det veldig mykje spennande på gong, seier han på spørsmål om status for ettertrakta investeringar i regionen.

Den nye rolla dreiar seg i hovudsak om å forvalte dei tre ulike porteføljene i Midwest-fonda, Novela SPV og Novela Capital 1.

Midwest-fonda er eit eksternt eigd såkornfond, som Converto har forvalta sidan 2016. Då Converto tok over forvaltninga av Midvest var det 11 selskap i porteføljen – og no er det fire igjen.

Novela Kapital 1 er eit oppkjøpsfond, medan Novela SPV var tre enkeltinvesteringar gjort i 2016 og 2017. Dei to sistnemnte porteføljene blir forvalta i samarbeid med Novela-nettverket.

Har «gått gradene»
Balsnes har meir enn åtte års erfaring frå Converto. Han har «gått gradene» og mellom anna vore analytikar, rådgjevar, analysesjef og finansdirektør. Undervegs fekk han også partnarstatus.

Han har erfaring med både investeringar, transaksjonar, strategi, økonomistyring og finans. I tillegg har han hatt styreverv i fleire selskap der Converto har vore involvert.

I fjor jobba Balsnes ei kort periode som finansdirektør i MMC First Process, før han vende tilbake til Converto i haust.

Balsnes har også erfaring frå Skandiabanken, Nordea. Han har studert ved Handelshøyskolen BI Bergen og California State-universitetet i East Bay, California.

Publisert: 14.01.2022 14:13

Sist oppdatert: 14.01.2022 15:24

Mer om