Starter investeringsfond paa Nordvestlandet
NY JOBB: Christer Valderhaug startar i stillinga som ny sjef i Arctic Bioscience i løpet av første kvartal i år, opplyser selskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skal leie legemiddelsatsing

Converto-topp er ny sjef for Arctic Bioscience.

Marius Rosbach
13.01.2022

Christer Valderhaug blir administrerande direktør for Arctic Bioscience, ifølgje ei børsmelding torsdag kveld.

Det børsnoterte selskapet med base i Ørsta la i haust fram planane for å bygge ein ny fabrikk i Hovdebygda som skal produsere legemiddel og kosttilskott.

Valderhaug har leia investeringane til Converto i Ålesund og 49-åringen skal ta Arctic Bioscience gjennom den neste fasa selskapet står foran.

Til no har Ole Arne Eiksund hatt den rolla. Han blir med selskapet vidare i ei overgangsperiode.

– Vil gi oss ferdigheitane vi treng
Valderhaug starta i Converto i 2016 og leia tidlegare IDC Sowtware. Han har også erfaring frå Accenture, SINTEF og Gagn Consulting.

– Christer si erfaring frå kapitalmarknaden og frå å leie og rådgi vekstselskap vil gi oss ferdigheitane vi treng for å drive langsiktig verdiskaping for aksjonærane, uttaler styreleiar Harald Nordal i Arctic Bioscience i meldinga.

Den nye Arctic Bioscience-sjefen har ein master i økonomi frå Norges Handelshøyskole NHH i Bergen og Mannheim-universitetet i Tyskland.

Arctic Bioscience markerte i haust byggestarten for den nye fabrikken i Hovdebygda. Sjølv om produksjonen ikkje vil vere i gong for om kring to år, er dei allereie i gong med å rekruttere tilsette.

Fabrikken blir bygd både for å kunne produsere helsekostprodukt - som selskapet har drive med i fleire år - og for å kunne produsere legemiddel - som dei jobbar med å utvikle og teste.

Dei reknar med å starte produksjon i den nye lokala mot slutten av 2023. Når fabrikken er oppe og går for fullt, reknar selskapet med å ha opptil 40 tilsette. Det vil i tilfelle bety ei dobling frå dagens bemanning.

Publisert: 13.01.2022 21:17

Sist oppdatert: 13.01.2022 21:45

Mer om