Ny toppsjef i Norwegian Electric Systems
HAVYARD: Odd Gunnar Kleppe (t.h.) overtek som toppsjef i NES etter Tor Leif Mongstad.
Nytt

Ny toppsjef i Norwegian Electric Systems

Odd Gunnar Kleppe overtar etter Tor Leif Mongstad.

01.03.2019
Mongstad går samstundes over i ei salsrolle i Havyard Group, og skal arbeide med spesialprosjekt innan sal av skip, samt desgign og utstyrspakkar.
Det opplyser Havyard i ei pressemelding fredag.
Tor Leif Mongstad har vore med i Havyard-systemet sidan 2002, både som sjef for verftet i Leirvik, leiar av elektro og automasjonsverksemd og med sal av skip og skipsdesign.

- Mykje spennande i pipeline

Han har vore dagleg leiar i Norwegian Electric Systems (NES) sidan januar 2015.
Odd Gunnar Kleppe starta i Norwegian Control Systems (NCS) som dagleg leiar 1. mars 2018, og gjekk over i stillinga som viseadministrerande direktør i NES når NCS vart fusjonert inn i NES. Han kom då frå stillinga som viseadministrerande direktør i Ulstein Power & Control og har før det lang erfaring som direktør for marinedivisjonen i ABB.
- Etter at vi har blitt eitt firma og ein total systemintegrator frå bru til propell er det veldig mange spennande mulegheiter som ligg i pipeline.
- NES er for tida veldig aktive innanfor miljøteknologi og bruk av digitale løysingar for å optimalisere maritime system. Det å få vere med på denne reisa saman med eit veldig kompetent team gler eg meg til, seier Kleppe i pressemeldinga.


Publisert: 01.03.2019 09:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31