20211215 133211 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
LENGER Å VENTE: Bent Martini vert intervjua av NRK i Bodø under jomfruturen med Havila Capella, det første av fire skip til Havila Kystruten. No er første seglas for skip nummer to utsett.Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Ny utsetting for Havila-skip

Striden mellom verftet og Norwegian Marine Interior i Molde er ein del av forklaringa.

09.02.2022

Havila Kystruten melder om den nye forseinkinga i ei børsmelding i dag.

Første tur med det andre av fire skip som Havila Kystruten får bygd i Tyrkia, er utsett frå 7. april til 10. mai.

Reiarlaget skriv i børsmeldinga at det er fleire årsaker til at første reis for Havila Castor er utsett. Det første skipet er i trafikk.

Den eine grunnen er "Noen tekniske problemer med en elektromotor" som har gjort at sjøprøver er utsett.

Den andre er striden om leveransar av interiør og møblar, som Norwegian Marine Interior (NMI) hadde oppdraget på.

Strides om kven som terminerte
Verft og Norwegian Marine Interior strides no om kven som terminerte kontrakten, men uansett er arbeidet forseinka:

"Det er verftets ansvar å finne en ny underleverandør som skal godkjennes av rederiet. Det ovenstående medfører noe usikkerhet, men selskapet forventer nå at første seiling med Havila Castor vil bli fra Bergen 10. mai.", skriv Havila Kystruten i børsmeldinga.

Krev ikkje erstatningskip
I den opphavlege avtalen med staten om å trafikkere i rute med gods og passasjerar mellom Bergen og Kirkenes skulle Havila Kystruten vere klar med fire skip frå starten av 2021.

Koronaepeidemien gjorde at grunnlaget for ruta forsvannn, og både Hurtigruten ASA - som også trafikkerer denne ruta - og Havila Kystruten fekk fritak for å gå med alle skip. Havila Kystruten slapp dermed ekstrakostnaden med å leige inn skip - og har framleis fritak frå å erstatte dei to siste av sine fire skip med innleigde fartøy.

Vilkåret for fritaket var at reiarlaget kan vise at det er sannsynleg dei to siste skipa skal vere seglingsklare frå 1. mai i år. Per i dag har Samferdselsdepartementet oppheva fritaket, ifølgje børsmeldinga.

I børsmeldinga skriv Havila Kystruten at selskapet no reknar med at skip nummer tre og fire skal vere seglingsklare i høvesvis tredje og fjerde kvartal i år.

Publisert: 09.02.2022 20:33

Sist oppdatert: 09.02.2022 21:09

Mer om