Tersan Sakir Erdigan
AVVISER SKULDINGANE: Direktør for forretningsutvikling Sakir Erdogan i Tersan Shipyard avviser skuldingane frå Norwegian Marine Interior (NMI). Her er Erdogan under eit besøk i Fosnavåg. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Tersan og NMI skuldar på kvarandre

Tersan-verftet hevdar dei har gjort opp for seg. Det avviser Molde-firmaet NMI.

I eit intervju med Finansavisen tysdag fekk byggeverftet for dei nye Havila Kystruten-skipa gjennomgå av styreleiar Leif Magne Langset i Langset-konsernet.

Langset hevda det tyrkiske Tersan-verftet ikkje hadde betalt i tråd med kontraktar og avtalar det siste halvåret, og at Molde-firmaet Norwegian Marine Interior AS (NMI) difor hadde terminert kontrakten med verftet.

Skuldingane blir kontant tilbakevist av direktør for forretningsutvikling Sakir Erdogan ved Tersan. I ein e-post til NETT NO skriv han at situasjonen snarare er tvert om.

– Forsøk på å løyse situasjonen mellom NMI og oss har ikkje lukkast, og til slutt hadde vi ikkje anna val enn å terminere kontraktane med NMI for betydelege brot, fortel han.

Verftsdirektøren legg til at dei måndag denne veka opplyste Molde-firmaet om kanselleringa på dei to kontraktane.

Seier dei har betalt meir enn avtalt
Erdogan fortel at det heller ikkje stemmer at verftet har unnlete å betale på dei to kontraktane verftet inngjekk med NMI.

– Snarare har vi betalt NMI i tråd med progresjonen i arbeidet, og vi har til og med gått med på og betale meir enn vi hadde forplikta oss til i kontrakten, fortel han.

Verftet meiner at NMI undervegs ikkje har klart å levere i tråd med avtalen, og at Molde-firmaet har begått grove brot på betingelsane.

Verftsdirektøren skriv at dei til vanleg ikkje kommenterer interne forhold i avtalane med kundane sine.

– Men basert på NMI sine villeiande opplysningar i går, fann vi det nødvendig å bidra med nokre kommentarar frå vår side, legg han til.

(saka held fram under)

Havila Pollux og Havila Polaris sjøsetting Tersan foto Havila Kystruten11
SJØSETT: De to siste skipa til Havila Kystruten ble nyleg sjøsett ved Tersan-verftet i Tyrkia. Nå er arbeidet med innredning på skipa stoppa og NMI har trekt sine tilsette ut av verftet. Foto: Havila Kystruten
Det er beviselig at det er NMI som har terminert kontrakten og trukke ut sine tilsette frå arbeidet på verftet i Tyrkia
Odd Arne Langset

Håpar å sleppe større forseinkingar
Tersan-verftet leverte før jul Havila Capella, det første av fire skip til Havila Kystruten. Bygginga har møtt store utfordringar som følgje av koronapandemien, og dei tre neste skipa er forseinka til levering.

Erdogan håpar å levere dei siste tre skipa utan større forseinkingar, og fortel at dei allereie er i gong med å finne alternative løysingar.

– Som eitt av dei største skipsverfta i Vesten, med fleire enn 18 pågåande nybyggingsprosjekt, er vi trygge på at vi vil finne gode alternative løysingar for dei tre gjenståande skipa, seier verftsdirektøren.

NMI står på sitt
Styreleiar Odd Arne Langset i Norwegian Marine Interior AS (NMI) reagerer på opplysningane frå Erdogan. I ein epost til NETT NO onsdag ettermiddag skriv Langset at selskapet føler seg trygge på sin ståstad i saka.

- Det er beviselig at det er NMI som har terminert kontrakten og trukke ut sine tilsette frå arbeidet på verftet i Tyrkia.

Han opplyser at varsel om stopp av arbeid blei sendt 17. januar etter mange forsøk på å komme i dialog sidan nyttår. Desse forsøka fortsette også etter 17. januar.

- Då vi ikkje lukkast i å kome i konstruktiv dialog verken med Tersan eller Havila Kystruten, blei endeleg terminering (kansellering av kontrakten etter brot på kontrakten av Tersan) sendt 25. januar 2022. Alt personell blei då demobilisert og alle system kopla frå.

Publisert: 09.02.2022 15:13

Sist oppdatert: 10.02.2022 01:08

Mer om