Nye artar kan auke norsk havbruk
OPPDRETT: Forskarar meiner at Norge har gode føresetnader av oppdrett av artar lenger nede i næringskjeda. Blant anna gjeld det dyrking av tare, slik selsakapet Tango Seaweed i Herøy no satsar på.
Nytt

Nye artar kan auke norsk havbruk

Ein ny rapport frå Havforskingsinstituttet (HI) fortel korleis norsk sjømatproduksjon kan aukast med å drive oppdrett på fleire artar enn laks.

01.11.2018
NPK: Det er gitt oppdrettsløyve på omtrent 170 arter her i landet, likevel blir det nesten berre produsert laks og regnbogeaure. Havforskarar trur andre artar har store moglegheiter.
– Dersom befolkninga i verda skal ha nok sunn mat, seier det seg sjølv at vi må bli flinkare til å utnytte ressursane i havet.
- I dag er det slik at sjølv den norske oppdrettslaksen får mesteparten av maten sin frå landjorda, seier HI-forskar Ole Torrissen, redaktør for rapporten, på nettsida til .

Satse lågt i næringskjeda

Globalt er havbruket dominert av organismar som er lågt i næringskjeda: makroalgar, skjel og planteetande fisk.
Forskarane meiner at Noreg har gode, naturgitte føresetnader for å få til ein effektiv og berekraftig produksjon av artar nedst i næringskjeda.
– Blåskjel, dyrka enten til menneskeføde eller fiskefôr, er ein art som vil kunne vera godt eigna, meiner Torrissen.
Ein annan art er tare. Av stortare kan ein få alginat, som blir brukt i alt frå legemiddel til matvarer. I tillegg kan tare brukast som råstoff til biodrivstoff og fôr.

Torsk best eigna

I rapporten har forskarane gått gjennom kva potensial ulike artar har for å bli oppdrettsart. På kort sikt ligg torskefisk (torsk, sei, lyr og hyse) best an til å bli produsert i store mengder i merdar i sjø, slik ein i dag produserer laks og aure.
Ein annan art som ligg an til å bli Noregs nye oppdrettssatsing, er støren. Den einaste størarten som høyrer til i norske farvatn, er den europeiske støren, Acipenser sturio.
Andre alternative artar kan vere tjukkleppa multe, sanktpeterfisk og uer.

Publisert: 01.11.2018 13:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27