Nytt
Nye kontraktar Hareid Group
Fyller ordreboka til datterselskapet HG Teknikk.
16.07.2021
HG Teknikk skal levere elektroinstallasjon på to skip som er under bygging ved Larsnes Mek. Verksted, ein fiskebåt for reiar Roger Nilsen og ein brønnbåt til brønnbåtreiarlaget Rostein.
Oppdraget sikrar full sysselsetting for HG Teknikk sin folk på Larsnes i 2022, seier dagleg leiar Tor Marthin Sørli i HG Teknikk til NETT NO.
Tidlegare i juli melde HG Teknikk at selskapet skal levere elektroinstallasjon på to nybygg og ei større ombygging ved Myklebust verft.
Tilsaman har dei to kontraktane fyllt opp ei ordreboka som låg an til på bli tynn i 2022.
No ser det veldig bra ut, seier Sørli.
Publisert: 16.07.2021 10:01
Sist oppdatert: 16.07.2021 10:16