Nye personvernkrav gir potensial
SYKKYLVEN: Dagleg leiar og hovudaksjonær Ståle Welle (t.h.) og systemarkitekt Bengt Langlo. Dei har begge vore med sidan etableringa av PC Support for snart tretti år sidan. 
Nytt

Nye personvernkrav gir potensial

PC Support posisjonerer seg når det gjeld dei nye personvernkrava som vil gjelde for alle verksemder frå mai neste år. 

Kristin Vidhammer
25.10.2017
- Vi har jobba mykje med sikkerheitsplattformar, blant anna i det offentlege. Mange av krava som finnast i helsesektoren, finn vi igjen i den nye personvernforskrifta som vil tre i kraft og gjelde for alle verksemder. Det handlar om beskyttelse av data i vid utstrekning. No kan vi produktivisere dette også i forhold til privat sektor, seier dagleg leiar og hovudaksjonær, Ståle Welle.

I dei nye personvernforordningane vil alle offentlege og private verksemder få nye plikter, krav og større ansvar når det gjeld innsamling, behandling og sletting av personopplysningar.
- Det er ei sunn utvikling at det blir stilt lovkrav og at dette dermed blir flytta høgare opp på dagsorden for verksemdene. Dette er dermed noko vi posisjonerer oss i marknaden for å handtere.

Står på fleire bein

PC Support er totalleverandør av IT-infrastruktur til næringslivet på Sunnmøre. Dette inneberer at dei leverer både PCar, nettverk, servere, perifiriutstyr, ISP- og ASP-tenester, samt drifts- og konsulenttenester. Ein stadig aukande del av verksemda er også relatert til datasentertenester, då dei seinare åra har bygt ut eige datasenter, for å gje selskapet fleire bein å stå på.
Les også:

Omsetninga fall i fjor

PC Support fekk i fjor ei omsetning på omlag 35 millionar kroner, det er ein nedgong på i overkant av ein million i høve til året før. Resutatet før skatt vart 66.000 kroner, mot 1,7 millionar i 2015 (sjå tabell).
- Vi har dei siste to-tre åra heilt klart merka brems i marknaden som følgje av nedturen i offshore/maritime, det er noko som påverkar også mange underleverandørar til næringa. Men vi har nytta stillstanden godt gjennom å jobbe internt med forbedring, oppgradering og vidareutvikling av tenester og produkt for å kome oss i posisjon framover. Vi er no godt dimensjonert for vekst, og vi har brukt tida fornuftig.
PC Support har omlag 35 prosent av inntektene knytt til offentlege kundar, noko som er ein stabiliserande faktor i høve til marknadssvingningar.
Om overskotet i fjor, seier Welle at det ikkje var sterkaste året.
- Det heng mellom anna saman med lisensjusteringar frå leverandørar, som det ikkje alltid er lett å overføre til kundane og tenestene. Valuta slo også negativt inn - ein sterkare dollar i høve til krona, slår uheldig ut for oss.
Les også:

Møter konkurranse frå skya

Når det gjeld drift av IT, møter dei konkurranse frå skya.
- Vi konkurrerar meir eller mindre i ein verdsmarknad, men vi har også ein fordel av å vere lokale og norske. Blant anna har vi unike fordelar gjennom at vi har gode knytningar inn mot fibernettet i regionen, framfor ei sky i utlandet. Ikkje minst gjeld dette i forhold til krava om at folk og verksemder skal ha kontroll på dataene - det er lettare å handtere dette innafor landet sine grenser og norsk lovgivning.
Stadig større mengder data blant kundane, gjer at det er vekst i marknaden.
- Vi veks derfor med kundane. Men vi skulle gjerne ha vore meir ute og drive aktivt sal mot nye kundar. Det er ei utfordring å få tak i dyktige seljarar, og i tillegg har vi hatt lite ressursar og ein flaskehals i eigen organisasjon til å kunne drive aktivt sal. Men vi opplever også at vi når ut til nye kundar gjennom samarbeid med andre selskap som har komplementære produkt/tenester, blant anna har vi eit samarbeid med Datawaves i Ulsteinvik.

Kjøpte Metiz Data for å kome tettare på maritim næring

Selskapet kjøpte forøvrig dataselskapet i Metiz Data i Herøy i 2014, og der målet med etableringa i Herøy var å kome tettare på den maritime næringa. Men Herøy-etableringa fekk ein motbakke då oljeprisfallet kom.
Men Welle vil ikkje forlate den maritime satsinga, og trur at det er kundar å hente, blant anna er kompetansen dei har på datasenterdrift overførbar også til skip.
PC Support hadde i fjor 25 årsverk. Neste år fyller selskapet tretti år.
Les litt om utviklinga i selskapet: -
Vi konkurrerar meir eller mindre i ein verdsmarknad, men vi har også ein fordel av å vere lokale og norske

Publisert: 25.10.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15