Njål Sævik 2 årskonf rederiforb foto Ogne
VAR STØRSTE AKSJONÆR: Havila Holding var største eigar i seismikkselskapet Axxis Geo Solution før refinansieringa og Njål Sævik er styremedlem. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt Axxis-sal frå Havila

Den tidlegare storaksjonæren eig 0,3 prosent. – Vi har andre ting å bruke ressursane på, fortel Njål Sævik.

14.06.2021

Sævikfamiliens holdingselskap, Havila Holding, har seld 9,8 millionar aksjar i seismikksselskapet Axxis Geo Solutions, ifølgje ei børsmelding.

Les børsmelding her

Salet vart gjort til 0,4428 kroner per aksje.

I førre veke selde selskapet 4,8 millionar aksjar til snittpris 0,4968 kroner per aksje.

Var ikkje med på kapitalutviding
Njål Sævik seier Havila Holding som største aksjonær har vore med og bidratt til refinansieringa av Axxis Geo Solutions, men valde å ikkje vere med på kapitalutvidinga.

- Då er det ikkje naturleg for oss å bli med vidare. Vi har andre ting å bruke ressursane på, seier Sævik til NETT NO.

Etter aksjesala eig Havila Holding 5,7 millionar aksjar, som tilsvarer 0,3 prosent av alle aksjane i Axxis Geo Solutions, etter alle formalitetar i samband med refinansiering av selskapet er på plass.

I tillegg eig styremedlem Njål Sævik i Axxis Geo Solutions 354.888 aksjar i seismikkselskapet.

Eigde 26 prosent
Axxis Geo Solution sprang ut av ein ide om å få seismikkskipet Neptune Naiad ut av to og eit halvt års opplag på Moltustrand og inn i nytt og lønsamt arbeid.

Det gjekk ikkje som selskapet og investorane bak hadde håpa og hausten 2019 vart Havila Holding største eigar etter ein kriseemisjon og eigde 26 prosent før refinansieringa av selskapet.

Refinansiering blei gjennomført i vår og den nye aksjekapitalen er no registrert i foretaksregisteret. Refinansieringa omfattar både ny eigenkapital og omgjeringa av gjeld til aksjar og reduserte dei tidlegare eigarane sin andel i selskapet til under fem prosent.

Publisert: 14.06.2021 12:42

Sist oppdatert: 14.06.2021 12:49

Mer om