Neptune Naiad Torvik
HERØY: Neptune Naiad vert seld til Gjerdsvik-selskapet Sanco Holding. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Gjerdsvik-selskap kjøper Axxis-skip

Seismikkskipet Neptune Naiad seld til Sanco Holding.

07.05.2021

Gjerdsvika-selskapet Sanco Holding har kjøpt seismikkskipet Neptune Naiad frå Axxis Geo Solutions, opplyser Axxis i ei børsmelding fredag.

I tillegg til kjøp av skipet, overtar Sanco Holding ein del utstyr.

Kriseråka Axxis Geo Solutions har tidlegare opplyst at selskapet ville selje sitt einaste heileigde seismikkskip som ein del av restruktureringa av selskapet, ei restrukturering som no er godkjent av Asker og Bærum tingrett.

Leiger Sanco-skip
Sanco har tidlegare hatt skip i arbeid for Axxis under selskapet sine nodeseismikkoperasjonar.

No vert det endå meir arbeid for Sanco. Axxis opplyser også at det heileigde selskapet Axxis Production har gjort avtale med Sanco om å leige seismikkskipet Sanco Star for arbeid i samband med eit nodeseismikkoppdrag.

- Ingen oppdrag
Adm. dir. Ivar Slettevoll i Sanco Holding seier at selskapet ikkje har oppdrag for Neptune Naiad.

- Nei, og det er heller ikkje sikkert at vi kjem til å setje skipet i drift. Vi får sjå korleis marknaden utviklar seg.

Han opplyser at skipet vil halde fram med å vere Fosnavåg-registrert, og ha base på Moltu.

Med Neptune Naiad har Sanco-reiarlaget totalt ni skip.

Publisert: 07.05.2021 17:05

Sist oppdatert: 07.05.2021 17:43

Mer om