Nytt design-ikon til L K Hjelle
Selskapet håpar å få like stor suksess med Falcon-stolen som med Siesta-stolen.
I 2014 sikra møbelprodusenten L K Hjelle i Sykkylven seg retten til å produsere kvilestolen Siesta.
I dag står Siesta for omlag en fjerdepart av inntektene til L K Hjelle og sel godt både i Noreg og utlandet.
I sommar gjorde L K Hjelle ein avtale med Vatne Møbler om å overta produksjonen av Falcon-stolen, og dagleg leiar Jens Peter Brunstad har tru på at Falcon-stolen kan bli like viktig for selskapet som Siesta-stolen har blitt.
Møbelikon
- Vi lanserte før ferien. Responsen er kjempebra. Det er eit møbelikon som supplerer kolleksjonen vår, seier Brunstad om Falcon-stolen.
Falcon-stolen vart teikna av møbeldesignar Sigurd Resell i 1971 for Vatne Møbler og blei ein stor kommersiell suksess.
I løpet av tre år etter lanseringa hadde Vatne Møbler auka salet frå rundt 10 til rundt 35 millionar kroner i året.
Relansert
I 2017 relanserte Per Arne Sæter i Vatne Møbler Falcon-stolen og har seld og produsert den fram til L K Hjelle inngjekk avtale om å overta produksjonsrettane.
Sæter var med og starta Vatne Møbler på nytt i 2003, etter at selskapet forsvann ut av soga etter at Stokke-konsernet kjøpte selskapet i 1989.
Vatne Møbler produserte Falcon-stolar frå 1971 til 1997.
L K Hjelle Møbelfabrikk as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 42,3 | 35,5 |
Driftsresultat | 1,9 | -4,4 |
Resultat før skatt | 1,7 | -4,6 |
Vatne Møbler as | ||
Tak i mill kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 3,2 | 3,3 |
Driftsresultat | 0,4 | 0,5 |
Resultat før skatt | 0,4 | 0,4 |
Publisert: 07.09.2021 06:00
Sist oppdatert: 07.09.2021 07:31