Nye Polarbris Ill Karstensen Skibsværft
NY POLARBRIS: Karstensen Skibsværft i Danmark skal bygge den nye Polarbris. P E Bjørdal og Brunvoll skal levere utstyr til fartøyet.Illustrasjon: Karstensen Skibsværft.
Nytt

Nytt fartøy for Atlantic Seafish

Året etter at nybygget Atlantic vart sett i fiske bestiller reiarane nok eit fartøy.

11.10.2021

Karstensen Skibsværft i Danmark skal bygge ein 43,5 meter fiskebåt for reiarlaget Polarbris, med levering i 2023.

P E Bjørdal i Ørsta skal levere fabrikken for kapping og sløying ombord, og Brunvoll skal levere baugthrusterar. Ein del utstyrskontraktar til fartøyet er enno ikkje på plass, mellom anna propellar, gir og elektriske vinsjar, seier dagleg leiar og medeigar Kjell-Gunnar Hoddevik.

Skipet blir utstyrt med batteripakke som gjer det råd å kombinere diesel- og elmotordrift for å redusere energiforbruket. Ved kan kan skipet koble på straum frå land.

To nybygg
Reiarlaget Polarbris og reiarlaget Atlantic Longline, som eig line- og snurrevadfartøyer Atlantic, er søsterselskap i Atlantic Seafish-konsernet i Ålesund.

Hoddevik og Jonny Terje Årvik eig 45,7 prosent kvar i Atlantic Seafish og skipper Jan-Ove Langeland på Atlantic eig resten.

Atlantic vart levert frå Tyrkia og sett i fiske i februar i fjor.

Nye Polarbris er ei litt større utgåve av eit fartøy Karstensen Skibsværft allereie er i gang med for reiarlaget Asbjørn Selsbane på Kvaløy i Nord-Noreg. Ved å gjere det på denne måten sparer reiarlag tid og ressursar samanlikna med å planlegge ein nytt fartøy heilt frå start, ifølgje Hoddevik.

Atlantic Seafish as (konsern)

Tal i mill. kroner

20202019
Driftsinntekt114,4171,4
Driftsresultat10,291,0
Resultat før skatt0,682,4

Publisert: 11.10.2021 10:11

Sist oppdatert: 11.10.2021 10:24