Nytt jubelår før koronastoppen
– Ein må tore å satse i nedgangstider, seier Bjørn-Marius Øyehaug i Rotlaus. No skal dei bygge nytt lokale og har starta dotterselskap.
No om dagen står det meste på hald for Ørsta-bandet med både konsertar og andre delar av verksemda. Rotlaus-karane kan likevel ikkje skuldast for å vere motlause.
– Ein må tore å satse i nedgangstider. Det er i motbakke det går oppover - er det ikkje det dei seier, fortel Bjørn-Marius Øyehaug til NETT NO.
Nytt millionoverskot
Bandet har også eit godt grunnlag for å satse vidare og la bak seg eit nytt år med millionoverskot i fjor.
Bandet heldt fram å auke inntektene og overskottet i 2019. Inntektene steig med nær 30 prosent og samla omsetning i rekneskapen er på 9,8 millionar kroner, viser årsrapporten frå Brønnøysundregistera (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
Også lønnsemda er betre og overskott før skatt er på 2,6 millionar. Eit driftsresultat på det same, gir ein driftsmargin på 27 prosent.
Musikarane dobla også inntektene frå 2017 til 2018 og sikra seg eit solid overskott det året.
Koronastopp
Bandet har naturleg nok har fått merke koronastoppen kraftig, og alle konsertar i vår blei avlyst. No spøkar det også for spelejobbane til hausten.
– Det er trist at situasjonen er som den er, men ein kan ikkje legge seg ned å grine. Vi tenkjer framover og held på i studio. Samtidig er vi full gong med byggesøknad til eit nytt bygg i Follestaddalen, sier Øyehaug.
Her skal bandet ha både lager, kontor, øvingslokale og studio for å teste nye show.
– Vi skal ha plass til to semitrailerar med utstyr, ei stor scene og ein buss, seier Øyehaug – og legg til at det har «balla på seg litt tjafs» med åra.
I løpet av fjoråret oppretta musikarane også dotterselskapet Møre Crew, som skal drive med lyd, lys og sceneproduksjon for utleige.
Ifølgje lokalavisa Møre-Nytt fekk bandet nyleg 20.000 kroner i støtte til skredsikring. Det skal nyttast for å sjekke skredfaren i samband det nye lokale.
(saka held fram under)
Les også: Vassendgutane klare for nye konsertar
Sirkus bergar seg på alternativ underhalding
Fekk inn like mykje via nett som på ein vanleg konsert
Koronastoppen er også omtala i årsrapporten.
– Styret og leiinga følger løpande med på situasjonen og det takast nødvendige grep for å redusere selskapet sine kostnader. Ein følgjer også med på dei ulike tiltakspakkane som presenterast, og vurderer kva for tiltak som kan nyttast av selskapet for å avhjelpe situasjonen, heiter det.
Mest strøyma norske band
Albumet «På Veg» har ført til at Rotlaus har vore det mest strøyma norske bandet dei to siste åra, ifølgje Dagsavisen. Samtidig har dei vore mykje ute på vegen for å spele konsertar.
No er dei også i gong att med konsertar i slutten av juli og august, sist i Elverum og Vinstra. Øyehaug hadde håpt at publikumsgrensa skulle auke til 500 i haust, men ser ikkje ut til å få oppfylt det ønske.
– No er det ikkje lønnsamt å reise rundt, men det er kjekt å stå på scena att, seier han.
Solid økonomi
Bandøkonomien er likevel svært solid med ein eigenkapital på 4,2 millionar. Av dette står meir enn éin million i banken. Samla gjeld er på drygt 800.000 kroner.
Eigarforholdet er uendra siste året. Øyehaug er dagleg leiar og eig 70 prosent av aksjane i Rotlaus AS. Simen Bjørdal og Vegard Hansen eig høvesvis 20 og 10 prosent i selskapet. Også Simen M. Rebbestad og Anders Maristuen er med i bandet.
Les også: Festivalstopp gir tap på meir enn 100 millionar
Rotlaus dobla inntektene i 2018
Best av ti for Vassendgutane i 2018
Vi tenkjer framover og held på i studio. Samtidig er vi full gong med byggesøknad til eit nytt bygg i Follestaddalen
Publisert: 13.08.2020 17:01
Sist oppdatert: 04.09.2021 00:23