Maa jobbe fleire skift paa cruisekjempe 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
TØFT: Etter nedturen i offshoremarknaden håva Vard i kontraktar på bygging av mindre cruise-skip, men fekk i første omgang ikkje lønsemd i bygginga. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt milliardminus for Vard

Sjuande år på rad med underskot.

21.07.2021

Vard Group, med verft på Nordvestlandet, i Brasil og Romania og Vietnam, har gått med tilsaman 8,9 milliardar kroner i underskot før skatt frå og med 2014.

I 2020 blei resultatet før skatt minus 1,8 milliardar kroner og ein reduksjon i driftsinntektene på 1,5 milliard kroner samanlikna med året før (sjå tabell).

Opptur
Vard la om til å bygge mindre cruiseskip etter at marknaden for bygging av mindre cruiseskip fall saman etter oljeprisfallet i 2014, men utan å få lønsemd i første omgang.

Den verdsomspennande koronaepidemien gjorde at også cruiseindustrien sette bremsene på, men tidlegare i sommar fekk Vard Group ein etterlengta opptur. Vard Søviknes skal bygge ein luksusyacht til fem milliardar kroner.

Lån frå eigaren
Vard Group er eigd av det italienske Fincantieri-konsernet, som i fleire omgangar har gitt Vard lån for å halde Vard gåande.

I år er lånet auka med 110 millionar euro - til 500 millionar euro.

Det tilsvarar ein auke på 1,13 milliardar kroner - til 5,15 milliardar kroner.

Vard Group as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt6540,57938,4
Driftsresultat-1001,6-1568,4
Resultat før skatt-1842,6--1979,8

Publisert: 21.07.2021 08:52

Sist oppdatert: 08.09.2021 11:11

Mer om