Skjebnedag for badeland
NYTT OG STØRRE: Eit nytt og større badeland sto ferdig i Herøy i 2015. Etterpå har det fått konkurrentar i Ulsteinvik og Ålesund.
Nytt

Nytt minus for Sunnmørsbadet

Har gått med underskot i seks av åtte år.

26.06.2023

Med unntak av opningsåret 2015 og koronaåret 2020 har Sunnmørsbadet Fosnavåg gått med underskot kvar år.

I fjor vart det eit underskot på 0,7 millionar kroner (sjå tabell).

Inntektene til badelandet har ligge stabilt rundt 12 millionar kroner kvart år frå og med 2016. Med i inntektene er støtte frå Herøy kommune. Den var på 272.792 kroner i 2022 og 688.000 kroner i 2021.

Hovudaksjonær er Herøy kommune, med 54,4 prosent av aksjane. Resten er fordelt mellom Havila Holding og Olympic Eiendom med kvar 15,6 prosent, samt Herøy Revmatikarlag og Herøy Sanitetsforening med kvar 7,1 prosent.

Etter at Sunnmørsbadet opna er det opna store badeanlegg både i Ulsteinvik og Ålesund.

Bybadet i Ålesund hadde 2,3 millionar kroner i underskot av 18,9 millionar kroner i driftsinntekter i 2021, som er det sist tilgjenglege rekneskapet for for selskapet.

Badeanlegget i Ulstein er ikkje eit eige selskap, men ein del av den kommunale verksemda.

Sunnmørsbadet Fosnavåg as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt12,912,3
Driftsresultat0,30,2
Resultat før skatt-0,7-0,3

Publisert: 26.06.2023 14:05

Sist oppdatert: 26.06.2023 14:05