Ulstein kan faa momsrefusjons badestampar
TIL KOMMUNESTYRET: Badestampar eller ikkje badestampar? Det blir snart spørsmålet for kommunestyret i Ulstein. Ordførar Knut Erik Engh trur badestampane vil løne seg. 
Nytt

Ulstein kan få momsrefusjons-badestampar

Ved å investerer i ei ekstra sklie og utandørs boblebad ved Ulstein Arena kan Ulstein kommune spare seks-åtte millionar kroner i moms.

27.02.2018
Ulstein kommune ba i fjor haust Skatt Midt-Norge revurdere statusen til badeanlegget i Ulsteins nye storstove, Ulstein Arena.

Ved å oppgrader anlegget frå symjeanlegg til badelandstatus kan kommunen få att momsen på investeringa, trekkje frå momsen frå driftsinntektene og dessutan kunne ha meir fleksible opningstider. Berre på investeringa sparer badelandstatus kommunen for seks til åtte millionar kroner.
Nyleg kom svaret.
- Vi har fått badelandstatus under gitte vilkår, seier Ulsteinordførar Knut Erik Engh.
Engh sitt anslag er at det vil løne seg å gjere investeringane, men seier det blir kommunestyret som må avgjere saka.

Boblebad ute

Dei viktigaste vilkåra for å få den attraktive badelandsstatusen er at det blir bygd ei ekstra sklie innandørs, og at det blir kjøpt inn to -2 - boblebadstampar som skal plasserast utandørs, på terassen på vestsida av bygget.
Kommunen opplyser at dei utandørs boblebada blir skjerma mot innsyn frå bustadfeltet i lia bak sentrum og terassen ligg slik til at det heller ikkje er innsyn frå sentrum.
Med vedtaket i Skatt Midt-Norge har både Ulstein og Herøy badeland.

Strid om prisen

I tillegg til badelandet omfattar Ulstein Arena også bibliotek, fleirbrukshall og klatrehall. Prisen på Ulstein Arena er førebels ikkje klar, og kan bli avgjort i rettsalen.
Sju selskap som har vore involvert i planlegging og bygginga, stemna 14. desember 2017 kommunen etter at partane ikkje vart samde om honoraret. Dei sju selskapa, med arkitektselskapet Lund + Slaatto Arkitekter i spissen, utgjer prosjekteringgruppa for utbyggingan, medan Ulstein Kommune er byggherre.
Ulstein Kommune har offentleggjort stemninga, men sladda kor stort kravet frå saksøkjarane er. Grunngjevinga er omsynet til å begrense førehandsprosedyre i saka og unngå å svekke kommunen sin forhandlingsposisjon. Deler av opplysningane i stemninga er og underlagt teieplikt, i følgje kommune si vurdering.
Vi har fått badelandstatus under gitte vilkår

Publisert: 27.02.2018 15:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18