Bjorli foto Ogne
BOM I BAKKEN: Bjorli Skisenter gjekk konkurs i starten av mai og treng både ein ny eigar og godkejnning av heisanlegget for å kunne drive i skisesongen 2025/2026. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt nei til Bjorli-investorane

Investorane som vil kjøpe buet etter konkursen i Bjorli Skisenter lukkast heller ikkje på andre forsøk.

13.06.2025

Bjorli Skisenter er selskapet som eigde og dreiv skianlegget på Bjorli. Etter at selskapet melde oppbod med 40 millionar kroner i gjeld 7. mai i år har ei gruppe av tidlegare eigarar arbeidd for å kjøpe anlegget og sikre ny drift i skisesongen 2025/2026.

Det er Sparebanken Møre som er hovudkreditor og har pant i anlegget.

Banken avviste det første bodet. Bustyrar Anders Gustav Bjørnsen skriv i eit tekstmelding  at banken i går også avviste eit nytt bod frå den same grupperinga.

Eit forhandlingsutval som representerer både tidlegare og potensielt nye eigarar av skianlegget på Bjorli leverte eit nytt bod til konkursbuet i Bjorli Skisenter i førre veke.

NettNo har ikkje lukkast å få ein kommentar investorgruppa. Sparebanken Møre-sjef Trond Lars Nydal vil ikkje kommenter einskildengasjement, men seier banken i slike saker prøver å finne gode løysingar samstundes som den må ta vare på banken sine interesser.

Næringslivsaktørar frå Nordvestlandet
Bjorli er eit populært hytteområde både for folk frå Ålesund- og Moldeområdet, mellom dei kjente personar frå næringslivet i regionen. 

Gjennom selskapet Bjorli Utvikling ville dei utvikle Bjorli til ein større skidestinasjon, mellom anna ved å få etablert hotell, serveringsstadar og butikkar, samt inntil 1200 nye fritidsbustadar. Spesielt hotell er viktig, for å trekkje til seg besøkande også midt i veka. 

Utan eit skianlegg i drift er det vanskeleg å sette desse planane ut i livet.

Har over 70 aksjonærar
I selskapa Bjorli Utvikling og Bjorli Skisenter Holding - som eigde Bjorli Skisenter - er det i stor grad dei same personane som sit som eigarar.

Bjorli Utvikling har over 70 aksjonærar. Største aksjonær er Eivind Volstad i Ålesund og familiens investeringsselskap Volstad, med knappe 12 prosent av aksjane. 

Wenche Kjøll Øverbø og Jan Kjøll i Molde eig knappe 10 prosent. Storaksjonær i Geogroup, Olbjørn Kvernberg i Molde og advokat Jon Ketil Gjørtz i Ålesund eig omlag 6,1 prosent kvar. 

Fiskebåtreiar Astrid Louise Strand i Ålesund eig 5,2 prosent gjennom sitt selskap Octopus Invest.

Har mista driftsløyve
Bjorli Skisenter skulle etter planen utføre vedlikehald på den store stolheisa i anlegget for å sikre at anlegget skulle få driftsløyve for 15 nye år. 

I og med konkursen har anlegget mista alle driftsløyve og eit eventuelt nytt selskapa må få plass desse løyva for å kunne starte drift igjen.

Publisert: 13.06.2025 14:30

Sist oppdatert: 13.06.2025 15:37

Mer om