Bengt Dahlberg Geiranger Sjokolade foto Ogne
SØT SUKSESS: Bengt Gösta Dahlberg etablerte sjokoladebedrifta si i Geiranger i 2010. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt rekordår for sjokolademakaren i Geiranger

Beste resultat sidan starten for Bengt Dahlberg.

11.09.2024

For andre år på rad oppnådde Geiranger Sjokolade både rekordinntekt og rekordlønsemd.

Grunnleggar og dagleg leiar Bengt Gösta Dahlberg etablerte selskapet i 2010. I 2015 passerte selskapet hans fire millioner kroner i inntekt, og auka gradvis til 4,6 millionar kroner fram til koronapandemien kom i 2020.

I 2022 var nedturen etter pandemien over. Året vart eit rekordår og 2023 vart enda betre (sjå tabell under)

Turistattraksjon
I 2019 undersøkte Innovasjon Norge kva attraksjonar flest besøkande cruiseturistar var innom i Geiranger.

Vinnaren var Geiranger Sjokolade.

– Kor herleg! Det let jo heilt fantastisk! Då har vi lukkast, sa Dahlberg til Nett No då statistikken var klar.

Geiranger Sjokolade As
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt6,25,4
Driftsresultat1,51,1
Resultat før skatt1,51,1

Publisert: 11.09.2024 11:59

Sist oppdatert: 11.09.2024 13:26