Rekordår for sjokolademakar
Geiranger Sjokolade sette både inntektsrekord og rekord i lønsemd i fjor.
Åra 2019-2021 var opp og ned for Geiranger Sjokolade-eigar og drivar Bengt Gøsta Dahlberg. Men i fjor gjekk alt rette vegen.
Resultatet før skatt på 1,1 millionar kroner tilsvarar 20 prosent av driftsinntektene, som er den beste lønsemda til selskapet både relativt og i kroner, sidan starten i 2010.
Kundane kom tilbake
Med unntak av 2019 og 2021 har Dahlberg drive med overskot kvart år.
I 2019 og 2018 hadde selskapet 4,6 millionar kroner i driftsinntekter, men koronapandemien gav inntektsfall både i 2020 og 2021. I fjor var kundane tilbake og handla meir enn nokon gang. Omsetninga i fjor enda på 5,4 millionar kroner. (sjå tabell under).
Meir populært enn Geirangerfossen og Ørnesvingen
I 2019 undersøkte Innovasjon Norge kva attraksjonar flest besøkande cruiseturistar var innom i Geiranger.
Vinnaren var Geiranger Sjokolade.
– Kor herleg! Det let jo heilt fantastisk! Då har vi lukkast, sa dagleg leiar Dahlberg til NETT NO då statistikken var klar.
35 prosent av dei spurte hadde besøkt butikken til sjokolademakaren. På dei neste plassane kom Geirangerfossen og utsiktspunktet Ørnesvingen.
Geiranger Sjokolade as | ||
Tail i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 5,4 | 3,4 |
Driftsresultat | 1,1 | -0,1 |
Resultat før skatt | 1,1 | -0,2 |
Publisert: 07.09.2023 09:02
Sist oppdatert: 07.09.2023 21:59