Det er klart vi er fornoegd
TREDJE GENERASJON: Kristian (t.v.) og Stian Drønnen (innfelt) er tredje generasjon som driftar Vegsund Slip. Reparasjons- og ombyggingsverftet har fleire gode år bak seg. 
Nytt

– Det er klart vi er fornøgd

Omsetninga har peika bratt oppover for Vegsund Slip dei siste åra. I fjor blei eit nytt rekordår med dobling av overskottet.  

Marius Rosbach
23.08.2019
Sula-bedrifta Vegsund Slip lever i beste velgåande etter 62 år i bransjen. Ved roret står no dei to fetrane Kristian og Stian Drønnen.
– Det er klart vi er fornøgd, er det første dagleg leiar Kristian Drønnen seier då NETT NO spør om fjorårsresultatet.

Med rekordhøge 151 millionar i omsetning og eit resultat før skatt på det doble av fjoråret – 18,5 millionar, er det ikkje rart ein svarar slik (sjå tabell til høgre - nedst om du les på mobil).
– Bedrifta har heldt på i mange år, og vi har forsøkt å bygge stein på stein. Då er det sjølvsagt gøy når resultata blir som dei siste åra, held han fram.

Les også:


Tredje generasjon har teke over

Kristian og Stian Drønnen er tredje generasjon i familieselskapet som besteforeldra starta opp. For tre år sidan tok førstnemnte rolla som dagleg leiar. Stian sin tittel er sal og it-ansvarleg.
2019 ser førebels veldig bra ut og oppdraga held fram med å strøyme inn.
– Det er også vore eit veldig bra første halvår. Vi har hatt veldig god ordreinngang og er på nivå med 2018, fortel Kristian.

Les også:



Fleire årsaker til suksessen

Etter fleire gode år, toppa det seg i fjor då reparasjons- og ombyggingsverftet hadde ein driftsmargin på nær 13 prosent. Kristian og Stian Drønnen vil lang i frå ta æra for suksessen åleine, og peiker på fleire årsaker til dei gode resultata.

– Stian og eg har vore her i ulike posisjonar i alle år, sjølv om generasjonsskiftet formelt blei gjort i 2016, seier Kristian.
Ei styrke for verftet er at dei jobbar i nær sagt alle segment.
– Samtidig har fleire verft lagt ned, og oppdrettsnæringa og fiskeri har blomstra meir enn tidlegare. At offshore gjekk ned, påverka ikkje oss negativt – vi fekk i staden fleire oppdrag med båtar som låg i opplag, fortel Stian.
– Også er vi ein liten og effektiv organisasjon med korte linjer frå golvet og opp, legg han til.

Les også:



Utfordring på fiskeri

At brønnbåtreiarlaga moderniserer flåten, har vore med å gitt mykje oppdrag dei siste åra. Leiinga trur også at dette vert ein viktig marknad framover, ifølgje årsrapporten.

Styret ser optimistisk på framtida og moglegheitene til verftet, men peiker på at strukturordninga i fiskeflåten vil vere ei utfordring.
– Ved at kvoter samlast, eldre fartøy blir kondemnert, og det blir bygd færre, større og nyare båtar, svekkast den generelle ordretilgongen for ein reparasjonsbransje som til tider pregast av hard konkurranse, heiter det i (ekstern lenke).
Ferje- og passasjerbåtar har tradisjonelt vore viktige kundar og det «det grøne skiftet» slår inn på markanden med fleire elektriske ferjer. Styret skriv i årsberetninga at dette truleg vil auke behovet for fagfolk på elektro i åra framover.

Utviklar anlegget

I tillegg til at dei har jobba mykje med å effektivisere prosessar dei siste åra, er det gjort oppgraderingar på sjølve anlegget.
– Vi har nok å gjere framover også med å gjere dei endringane på anlegget som vi ønskjer. Vi skal sette opp nye hallar, få meir av arbeidet under tak og generelt betre fasilitetane. Det har også teke mykje fokus dei siste åra, seier Kristian Drønnen.
Investering i ny dokk i 2014 har samtidig gitt eit breiare spekter med kundar.
– Det var den største investeringa i bedrifta si historie og har absolutt vist seg vere rett, sier han.
Bedrifta har heldt på i mange år, og vi har forsøkt å bygge stein på stein. Då er det sjølvsagt gøy når resultata blir som dei siste åra

Publisert: 23.08.2019 11:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38