Nytt Rem skip er sikra jobb i minst fem aar
VINDKONTRAKT: Fredrik og Åge Remøy i Rem Offshore saman med Kleven-sjef Kjetil Bollestad framfor skipet som i løpet av det neste året skal byggast ferdig som eit vindskip.
Nytt

Nytt Rem-skip er sikra jobb i minst fem år

Nybygget til Rem Offshore er sikra langtidskontrakt for Siemens – og eit anna skip startar jobben allereie på nyåret.

Marius Rosbach
21.12.2020
Måndag kunne Rem Offshore stadfeste at skipet dei skal bygge ved Green Yard Kleven har sikra seg eit langtidsoppdrag for Siemens Gamesa Renewable.
– Den faste perioden er på fem år. I tillegg kjem opsjonar, fortel Rem Offshore-sjef Fredrik Remøy til NETT NO.
Skipet som skal heite «Rem Energy» skal jobbe med vedlikehald på tyske vindfarmar når det er ferdig frå Kleven-verftet mot slutten av neste år.

Anna skip i arbeid frå januar

Fram til nybygget er ferdig vil skipet Rem Inspector fungere som ein sokalla «front runner». Remøy opplyser til NETT NO at skipet startar på jobben allereie tidleg i januar, og vil vere i arbeid det meste av 2021.
Reiarlaget opplyser i pressemeldinga som blei sendt ut at Rem Inspector allereie har jobba to sesongar med service på vindparkar.
Remøy uttalar i meldinga at reiarlaget har satsa store ressursar på å vekse i fornybarmarknaden, og at han er nøgd med at no dei ser resultat av arbeidet.

Stor batteripakke om bord

Nybygget Rem Energy er utvikla i samarbeid med designarane i Havyard Design & Solutions og oppdragsgjevaren. Då kontrakten med Green Yard Kleven , kom det fram at nybygget har vore redesigna fleire gonger i prosessen sidan reiarlaget fatta interesse for prosjektet.
Skipet blir det , der både byggeverft, reiarlag og designselskap held til på Nordvestlandet.
Det nær 90 meter lange skipet får nemninga CSV (construction service vessel). Om bord blir det ei mindre batteripakke i første omgang og skipet vil vere budd til å få installert ei batteripakke på opptil 12.000 kWt seinare. I tillegg vil skipet vere klargjort for framtidig installasjon av brenselceller.

Les også:





Publisert: 21.12.2020 14:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09