Siden 2017 har Remøy Management stått for drifta av kabelleggingsfartøyet NKT Viktoria. No har selskapet fått ein managementavtale for NKT Eleonora som er under bygging hos Vard.
"Avtalen omfatter nå både byggeoppfølging og maritim drift når skipet leveres, og markerer et nytt kapittel i det langvarige samarbeidet mellom de to selskapene.", skriv Remøy Mangagement i ei pressemelding.
Skipet skal leverast og settast i drift i første halvår 2027.
NKT, tidlegare Nordiske Kabel- og Traadfabrikker, har sine røter tilbake til 1891, og er mellom anna leverandør av høgspentkablar og anlegg.
Ni fartøy
Medrekna NKT Eleonora har Remøy Management ansvaret for drifta av ni fartøy. I tillegg til dei to kabelleggingskipa er det fire kystvaktskip og tre slaktebåtar.
Kableleggingsfartøya er eigd av NKT, men dei andre fartøya er eigd av selskap i Remøy Volt Group-konsernet som Remøy Mangagement er ein del av.
Betre resultat
2025-tala for Remøy Volt Group er ikkje klare, men Even T. Remøy seier konsernet både hadde inntektsvekst og betre lønsemd i 2025.
Konsernet hadde svært gode tal i 2023, men i 2024 vart resultatet negativt påverka av ei omorganisering som gjorde at konsernresultatet viste minus.
Publisert: 15.01.2026 11:05
Sist oppdatert: 15.01.2026 11:05






