Future of the fjords foto Brødrene Aa
STOPP: Sightseeingsbåten Future of the Fjords for Brædrene Aa i Hyen. Koronaepidemien gjorde at bestillingane frå aktørane i turistbransjen stoppa i fjor.
Nytt

Nytt tøft år for Brødrene Aa

Korona stoppa turistmarknaden for båtbyggjarane i Hyen.

28.10.2021

- Vi har hatt eit par tøffe år, seier dagleg leiar og medeigar Tor Øivin Aa i Brødrene Aa-konsernet.

I 2019 vart fabrikken i Hyen råka av ras og i fjor gjorde den verdsomspennande koronaepidemien at ordreinngangen frå turistmarknaden stoppa.

Brødrene Aa har mellom anna bygd dei særmerkte sightseeingsbåtane som først vart sett i trafikk i Nærøyfjorden i Sogn. I eit vanleg år utgjer turistmarknaden omlag halvparten av ordreinngangen, seier Aa.

Inntekstfall og ny kontrakt
Frå 2018 til 2020 fall driftsinntektene til Brødrene Aa-konsernet frå 537 til 343 millionar kroner. Det i seg sjølv har vore utfordrande for lønsemda, seier Aa.

Per i dag har selskapet tre hurtigbåtar under bygging til ein gresk kunde. I løpet av få dagar skal ein hurtibåt sendast til Finnmark og selskapet har nyleg inngått ein ny kontrakt, der Aa berre kan opplyse at det er eit fartøy som skal brukast i Noreg.

Hos båtbyggjeriet i Kina, der selskapet er medeigar, er ein hurtigbåt under bygging for levering tidleg neste år.

Oppsving i år
No er interessa frå turistmarknaden er på veg opp igjen og Aa ventar at konsernet får overskot igjen i år, sjølv om han understrekar at det ikkje blir eit stor overskot.

På det meste var 20 av arbeidsstokken på rundt 160 i Noreg permitterte. No er 12 permitterte

Brødrene Aa as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt343,0403,0
Driftsresultat-39,6-20,4
Resultat før skatt-40,0-14,4

Publisert: 28.10.2021 06:00

Sist oppdatert: 28.10.2021 08:31